Hovudbyggeleiar Stad skipstunnel

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 07. august, 2021. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Arbeidsomtale

Kystverket skal bygge verdas aller første fullskala skipstunnel i Stad kommune, eit prestisjeprosjekt som allereie no har stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt. Skipstunnelen inneber etablering av ei gjennomgåande farlei i beskytta indre farvatn, og er eit viktig farleisprosjekt for kystgåande skipsfart på vestlandskysten. I tillegg til sjølve tunnelen som vil bli på 1700 meter og med eit tverrsnitt på 1660m², inneheld prosjektet også entring- og leiekonstruksjonar, omlegging av kommunal- og fylkesveg, nye tilkomstvegar, utdjupingar og navigasjonsinstallasjonar. Prosjektet har ei styringsramme på om lag 2,7 mrd. kroner, og ein anleggsperiode på om lag fem år. Les meir om prosjektet på Kystverket si heimeside.

Vi søker no hovudbyggeleiar for Stad skipstunnel.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for praktisk oppfølging og verifisering av entreprenørkontraktene i prosjektet vedkomande framdrift, kvalitet og økonomi, herunder også all relevant dokumentasjon, avviksbehandling og overlevering av sluttdokumentasjon med FDV 
  • Følge opp byggherren sine aktivitetar innanfor HMS, YM og kvalitet
  • Ansvar for dagleg kontakt mot offentlege etatar, naboar og dei som elles er råka av utbygginga
  • Arbeidsleiaransvar for andre byggeleiarar, kontrollingeniørar m.fl.
  • Hjelpe byggeleiarar ved handsaming av entreprenørkrav, og vere ein sentral person i vidare avklaringar
  • Leie byggemøter og ta del i samarbeidsmøter, og elles ta del i styringsmøter i prosjektet saman med prosjektleiar
  • Oppfølging av planar for arbeid og koordinering av aktivitetane saman med entreprenørane
  • Leggje til rette på vegne av byggherre for byggestart og kartlegge naudsynte omleggingar og forebuande arbeid
  • Stillinga rapporterer til prosjektleiar
  • Andre oppgåver kan tilleggast

Kvalifikasjonar

  • Det er krav om utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år, innan fagretning bygg/anlegg
  • For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå aktuelle fagområderkan kravet til utdanning reduserast
  • Det er naudsynt med førarkort for bil kl. B
  • Det er ønskeleg med kjennskap til totalentreprise innanfor infrastrukturprosjekt
  • Minimum 5 års relevant erfaring frå bygge- og anleggsleiing, fortrinnsvis frå større infrastrukturprosjekt
  • Byggeleiarerfaring
  • Generell god datakunnskap samt erfaring med aktuelle prosjekt-programvare
  • Gode framstillingsevner på norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Tillitsbyggande, systematisk, ryddig og etterretteleg arbeidsmetodikk
  • Sjølvstendig med evne til å ta initiativ
  • Høg arbeidskapasitet og stor gjennomføringsevne
  • Resultatorientert og ein pådrivar for framdrift 
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar

Som tilsett skal du kunne identifisere deg med våre verdiar, som er framtidsretta, engasjert og påliteleg 

Vi tilbyr

  • Ei svært spanande stilling, som gir moglegheit til å vere med på å skrive eit kapittel i sjøfartsnasjonen Noreg si historie 
  • Bli ein del av eit kjerneteam med dyktige og dedikerte personar
  • Løyse eit utfordrande prosjekt, med mange interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Fremme eit prosjekt som aukar sikkerheita og framkoma for sjøtransporten 
  • Gode velferdsordningar
  • Kystverket er ei IA-verksemd
  • Pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Stillinga er plassert i kode 1088, sjefingeniør. Løn etter avtale

Noko reising kan påreknast. Arbeidsstad for stillinga vil til å byrje med i utgangspunktet vere i Ålesund. Under prosjektet sin gjennomføringsfase vil kontorstad i utgangspunktet vere på prosjektkontoret ved anlegget.

Les meir om Stad skipstunnel her: https://www.kystverket.no/sjovegen/stad-skipstunnel/

Anna

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Derfor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. 

Får vi kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar innanfor desse gruppene, må søkarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling Søkarar som oppfyller krava og ønsker å bli vurdert på spesielt grunnlag, må krysse av for dette i jobbportalen Webcruiter. Avkrysningane i jobbsøkarportalen vil også danne grunnlag for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar om i sine årsrapportar.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla om det.

Kontaktpersoner

Jarle Strand
Sjefsingeniør
Sven Martin Tønnessen
Verksemdsområdedirektør

Hvem er Kystverket?

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.