Highsoft søkjer trainee: Web developer

Web developer

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 01. mars, 2020. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Bli trainee 

Framtidsfylket Trainee er eit fylkesdekkjande traineeprogram for nyutdanna med arbeidsgjevarar frå ulike fagfelt i privat og offentleg sektor. Kva bedrifter som deltek i programmet varierer frå år til år.

Som trainee er du tilsett i ei bedrift i fylket. Denne jobben er basert på ei kontrakt mellom deg og bedrifta, og er elles uavhengig av traineeordninga. I bedrifta har du også ein mentor som skal følgje deg opp.

Fire gongar i løpet av traineeåret deltar du på faglege fellessamlinger – kvar gong på ein ny plass i fylket. Her møtest alle traineeane i dei ulike bedriftene. På samlingane har vi fokus på erfaringsutveksling frå jobbkvardagen, teambygging og andre tema som er nyttige når ein er ny i jobben. Eigenutvikling er ein sentral del av det å vere trainee. I tillegg legg vi vekt på at traineeane skal bli kjende med næringslivet i Sogn og Fjordane, samtidig som det sosiale og friluftsaktivitetar er ein viktig del av samlingane.

Vi legg òg opp til ein studietur til utlandet i april/mai. Dei siste fire åra har turen gått til Brussel for å studere relasjonar mellom Sogn og Fjordane og EU.

Blir du trainee hos oss, vil du ta del i Framtidsfylket sitt traineeprogram fra august 2020 til august 2021. 

Har du lyst til å arbeide som front- eller full-stackutviklar i Highsoft?

Vår visjon er å gjere det lettare for alle å publisere data på web, og det vert travelt når kundar frå heile verda bankar på døra. Me ser no etter deg som er lidenskapeleg opptatt av programmering og med eigne hobbyprosjekt, som kan hjelpe oss å løfte våre produkt til eit nytt nivå. Du er ein lagspelar som trivast i eit internasjonalt og innovativt miljø, der du kan få leike med ny teknologi og ulike rammeverk. 

Kva vil du gjere

  • Bidra til å få fram prosjekt frå spesifikasjon til lansering
  • Vere med å vedlikehalde våre ulike produkt og tenester
  • Bidra til å betre våre produkt basert på tilbakemeldingar frå kundar
  • Jobbe med programmeringsspråk og rammeverk som t.d. javascript, typescript, og node.js

Highsoft kan tilby

  • Konkurransedyktig lønn
  • Arbeidstid med fleksitid
  • Moglegheiter til å delta på kurs og konferansar
  • Avslappa arbeidsmiljø i moderne kontorlokale
  • Humørfylte kollegaer som har lidenskap for det dei driv med
  • Kort veg til fjord og fjell

Arbeidsstad er primært Vik i Sogn, med moglegheit for å besøkje kontora i Bergen og Oslo. Ta gjerne kontakt på hr@highsoft.comfor meir informasjon om stillinga. 

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Tilsetting: August 2020 til august 2021. 

NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registrere deg her.

Kontaktpersoner

Anne Jorunn Fjærestad
Highsoft
Mobil: 951 91 938

Hvem er Framtidsfylket?

Highsoft er selskapet bak produktet, Higcharts, den leiande leverandøren av JavaScript verktøy for visualisering av data på Internett. Løysinga vert nytta av web utviklarar verda både i små og store føretak. 

Highsoft har hittil solgt over 50 000 lisensar, og har over 80% av verdas største føretak er kundar av Highsoft. Kvar gong du ser ein graf på ei webside, så er det gode sjansar for at det er vår teknologi som er i bruk.

Selskapet har internasjonalt eit team på over 30 personar som jobbar på heiltid med å utvikle, marknadsføre og selje Highcharts, og systerprodukta Highstock, Highmaps, Gantt. I tillegg har me eit dusin personar som utfører teknisk support i Krakow, Polen.

Kontora våre ligg i Vik i Sogn, Norge, ein vakker stad mellom fjord og fjell. Me har også satellitt kontor i Bergen, Oslo og New Jersey.