Har du lyst å leie utbyggings-teamet vårt?

Teamleiar utbygging

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 11. august, 2019. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse 

Vår noverande utbyggingsansvarleg og leiar for utbyggingsteamet skal flytte og vi søker etter ein dyktig, målretta og strukturert teamleiar til vår avdeling i Førde. Teamet er ansvarleg for gjennomføring all utbygging av infrastruktur i Enivest og følger alle prosjekt frå prosjektering, forhandling, kontraktuering, utbygging og evaluering. Teamet består 4 høgt kompetente og erfarne prosjektleiarar og er ein del av avdelinga Nett og tenester i Enivest.

Vi er på jakt etter deg som er engasjert, tar initiativ og har lyst å utvikle deg og Enivest vidare i ein spennande bransje. Du er fagleg dyktig, god til å motivere, resultatorientert og sosialt omgjengeleg.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for mellom anna ressursstyring, prosjektoppfølging, budsjettoppfølging, kostnadskontroll, forhandlingar med entreprenørar og problemløysing.
  • Delta i det daglege arbeidet innanfor prosjektarbeid og prosjektering.
  • Lage beslutningsunderlag og ha evnen til å ta egne beslutninger.
  • Samhandling med underleverandørar, kundar og andre avdelingar og team i Enivest.

Ønska kompetanse/kvalifikasjonar innan eit eller fleire av desse områda:

  • Høgre teknisk utdanning eller relevant erfaring.
  • Erfaring med prosjektarbeid og prosjektleiing.
  • Kreativ og evna til å sjå gode løysningar.
  • Stillinga samarbeider bredt og det er ein føresetnad at du må kunne lede andre medarbeidar og bygge relasjonar på ein god måte.
  • Bredda i oppgåver krev evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert samt planlegge/koordinere fleire aktivitetar samtidig.
  • Beherske norsk godt både munnleg og skriftleg.

Enivest tilbyr

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Gode moglegheiter for fagleg/personleg utvikling
  • Hektiske og spanande arbeidsdagar i eit dynamisk miljø

Kontaktpersoner

Roger Saugestad
Nettsjef/CTO
Telefonnummer: 970 54 378

Hvem er Enivest?

Enivest er sentral utbyggar av fiber i SFJ, og årleg knyt vi ca 2000 nye privatkundar til nettet. Målet er å levere til så mange som mogleg, slik at bebuarane blir med inn i den digitale framtida.