Har du lyst å jobbe som controller?

Stillingsbeskrivelse

Om avdelinga og stillinga 

I Divisjon Drift og vedlikehald i Statens vegvesen søkjer vi etter ein ny controllar  i Leikanger. Du vil arbeide i avdeling Vest, og vil sitje i avdelingsdirektørens stab. Avdelinga har tilsaman 115 medarbeidarar som sitter på ulike kontorstadar i Vestland fylke

Som controller har du ei overordna rolle i styringa av økonomien til avdelinga, og vil følgje opp heile vår kontraktsportefølje som i dag er på om lag 2,3 milliardar kroner.

Du vil blant anna arbeide med følgjande oppgåver:
  • internkontroll
  • utarbeiding av økonomirapportar til leiinga 
  • rekvirering/oppfølging av eksterne finansieringsmidlar
  • budsjett
  • økonomisk rådgjeving til leiarar og einingar
  • økonomiske analysar
  • deltaking i effektivitets- og utviklingsarbeid innan økonomifeltet
  • utvikling av strategiar, planlegging og oppfølging av dette saman med leiinga
Kven er du?
  • Du har minimum bachelor frå høgskule eller universitet med relevante økonomifag. Om du har omfattande og relevant erfaring, kan det kompensere for manglande formell utdanning.
  • Du har relevant erfaring frå controllarbeid
  • Du er dyktig i Microsoft Excel
  • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne, og kan bruke begge målføre.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Du er systematisk, analytisk og kan samarbeide godt. Du liker å dele kunnskap og hjelpe andre.
  • Dersom du har tatt heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no)
Stort engasjement og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg.

Vi tilbyr deg også desse fordelane:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode høve for fagleg påfyll

Løna di blir avtalt i samsvar med vår lønspolitikk.

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet.  Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Vi gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering.

Vi gjer (òg) merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil (eventuelt?) bli varsla om dette.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Fleire opplysningar om stillinga kan du få hjå avdelingsdirektør Svenn Finden, tlf. 951 48 614, eller e-post: svenn.finden@vegvesen.no.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesens vil lede an i utviklingen av et effektivt, sikkert og helhetlig transportsystem tilpasset morgendagens behov og teknologi. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på vei og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet smarte, trygge og miljøriktige transportvalg.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger