Grunnervervar

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 03. april, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Kan du tenkje deg å arbeide med grunnerverv og er jordskiftekandidat, jurist eller har annan relevant bakgrunn, då har vi stilling til deg.

I Statens vegvesen Region vest ved Eigedomsseksjonen har vi ledig stilling som grunnervervar med kontorstad i Stavanger.  

Eigedomsseksjonen har ansvar for grunnerverv, landmåling og forvaltning av eksisterande veggrunn.

Seksjonen har om lag 60 medarbeidarar og har kontorstad i Haugesund, Stavanger, Bergen og Leikanger. Om lag 30 medarbeidarar har grunnerverv som hovudoppgåve.

Arbeidsoppgåver

Den som vert tilsett vil få utfordrande, varierande og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan grunnerverv. Som grunnervervar vil du delta i prosjektgrupper for nye vegprosjekt og bidra i heile prosessen frå start av planarbeidet til veganlegget er ferdig bygd.

Våre prosjekter varierer frå store veganlegg til gang- og sykkelvegar, trafikksikringstiltak og større og mindre drifts- og vedlikehaldsprosjekt. I tida framover vil aktiviteten med nye utbyggingsprosjekt auka vesentleg i vår region og som følgje av det ønskjer vi å styrke bemanninga ved seksjonen.

Kvalifikasjonskrav

Det blir kravd at du har mastergrad frå universitet/høgskule innan fagområda planfag, eigedomsfag og juridiske fag.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

For søkjarar som har lang og relevant erfaring innan dei aktuelle fagområda, og som har gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Det er ønskjeleg med erfaring innan fagområdet, men vi vil også oppmoda nyutdanna til å søkje.

Søkjaren må ha førarkort for personbil.

Seksjonen har mykje kontakt med eksterne aktørar, og vi legg vekt på gode samarbeidsevner, sjølvstendig og systematisk arbeidsform og god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne.

Vi ønskjer at du er initiativrik, engasjert og resultatorientert og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

  • Vi tilbyr òg desse goda:
  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og høve til fagleg påfyll
  • Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Søknad

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Ta kontakt med seksjonsleiar om du har spørsmål: Leif Lauvås, tlf. 51 91 14 70 / 416 01 287

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger