Grunnervervar - Stavanger / Haugesund 

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Kan du tenkje deg å arbeide med grunnerverv og er jordskiftekandidat, jurist eller har annan relevant bakgrunn, då har vi stilling til deg.

I Statens vegvesen Region vest ved Eigedomsseksjonen har vi ledig stilling som grunnervervar med kontorstad i Stavanger og/eller Haugesund. 

Eigedomsseksjonen har ansvar for grunnerverv, landmåling og forvaltning av eksisterande veggrunn. Seksjonen har om lag 60 medarbeidarar og har kontorstad i Haugesund, Stavanger, Bergen og Leikanger. Om lag 30 medarbeidarar har grunnerverv som hovudoppgåve.

Arbeidsoppgåver

Den som vert tilsett vil få utfordrande, varierande og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan grunnerverv. Som grunnervervar vil du delta i prosjektgrupper for nye vegprosjekt og bidra i heile prosessen frå start av planarbeidet til veganlegget er ferdig bygd.

Våre prosjekter varierer frå store veganlegg til gang- og sykkelvegar, trafikksikringstiltak og større og mindre drifts- og vedlikehaldsprosjekt. I tida framover vil aktiviteten med nye utbyggingsprosjekt auka vesentleg i vår region og som følgje av det ønskjer vi å styrke bemanninga ved seksjonen.

Kvalifikasjonskrav

Det blir kravd at du har mastergrad frå universitet/høgskule innan fagområda planfag, eigedomsfag og juridiske fag. For søkjarar som har lang og relevant erfaring innan dei aktuelle fagområda, og som har gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Det er ønskjeleg med erfaring innan fagområdet, men vi vil også oppmoda nyutdanna til å søkje. Søkjaren må ha førarkort for personbil.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi at den vert godkjend av NOKUT (www.nokut.no).

Vi legg vekt på

Seksjonen har mykje kontakt med eksterne aktørar, og vi legg vekt på gode samarbeidsevner, sjølvstendig og systematisk arbeidsform og god framstillingsevne på norsk, både skriftleg og munnleg.

Vi ønskjer at du er initiativrik, engasjert og resultatorientert og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

Vi kan tilby utfordrande, varierande og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan grunnerverv med gode moglegheiter for fagleg utvikling. Fleksibel arbeidstid. Gode og engasjerte kollegar og godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr løn etter nærare avtale i høve til etaten sin lønspolitikk. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Ein god og mangfaldig arbeidsplass

Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av tydlege og trygge rammer for våre medarbeidarar. Vi har eit regelverk som sikrar medarbeidarane sine rettar, og sjølv om det til tider er hektisk hos oss og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har høve til fleksibel arbeidstid. Vi ønskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte.

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet.  Me jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Me gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering.

Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjar varslast om dette

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger