Grunnervervar Molde

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Kan du tenkje deg å arbeide med grunnerverv og er jordskiftekandidat, jurist eller har annan relevant bakgrunn, då har vi stilling til deg.

I Statens vegvesen, Utbyggingsdivisjonen, seksjon Grunnerverv, har vi ledig stilling som grunnervervar, med kontorstad i Molde.   

Arbeidsoppgåver

Den som vert tilsett vil få utfordrande, varierande og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan grunnerverv.

Som grunnervervar vil du delta i prosjektgrupper for nye vegprosjekt og bidra i heile prosessen, frå start av planarbeidet til veganlegget er ferdig bygd.

I tida framover vil aktiviteten med nye utbyggingsprosjekt auka vesentleg på nord-vestlandet og som følgje av det ønskjer vi å styrke bemanninga i Molde. Oppgåvene vil være på blant anna ny E39 Lønset – Hjelset, Molde kommune, ny E39 og E136 i Ålesund kommune, Rv 70 i Kristiansund kommune (bypakke) og Møreaksen Molde – Ålesund.

Kvalifikasjonskrav:

  • Det blir kravd at du har mastergrad frå universitet/høgskule innan fagområda eigedomsfag, planfag eller juridiske fag.
  • Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).
  • For søkjarar som har lang og relevant erfaring innan dei aktuelle fagområda, og som har gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
  • Det er ønskjeleg med erfaring innan fagområdet, men vi vil også oppmoda nyutdanna til å søkje.
  • Søkjaren må ha førarkort for personbil.
  • Seksjonen har mykje kontakt med eksterne aktørar, og vi legg vekt på gode samarbeidsevner, sjølvstendig og systematisk arbeidsform og god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne.
  • Vi ønskjer at du er initiativrik, engasjert og resultatorientert og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Søknad

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet. Me jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Me gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering.

Me gjer og merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Ta kontakt med seksjonsleiar om du har spørsmål:

Eli Bjorvatten, tlf. 90750423.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesens vil lede an i utviklingen av et effektivt, sikkert og helhetlig transportsystem tilpasset morgendagens behov og teknologi. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på vei og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet smarte, trygge og miljøriktige transportvalg.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger