Geoteknikar

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 03. juni, 2020. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Vi søker etter

deg som er ein initiativrik og samarbeidsorientert geoteknikkar til 100% fast stilling på seksjonen for vegdrift ved fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Du får jobbe med

  • geoteknisk sakshandsaming knytt til vegar, tunnelar og bruer både i plan, utførings- og driftsfasen.
  • geoteknisk prosjektering, rådgjeving og kontroll
  • oppfølging i både plan-, bygge- og driftsfasen,
  • planlegging og oppfølging av grunnboringar i felt
  • oppfølging og sikringstiltak av skredhendingar i Møre og Romsdal fylkeskommune

Vi søker deg som

Har relevant høgare utdaning innan geoteknikk frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring og gode resultat frå arbeidsområdet er ønskeleg. Du må ha førarkort klasse B.

Du er ein person som

  • er resultatorientert og effektiv
  • er strukturert
  • har evne til å handtere innspel og engasjement frå dei det gjeld/partar
  • har evne til å uttrykke deg godt og presist både skriftleg og munnleg
  • har samarbeidsevner og kunnskap om relevante IKTsystem

Vi tilbyr

  • deg ei utfordrande og spanande stilling ved Campus Kristiansund
  • eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale

Om arbeidsplassen

Seksjon for vegdrift sørger for dagleg drift og vedlikehald av fylkesvegane, og har samtidig ansvar for asfalt, tunnelar, beredskap og geologi/geoteknikk. Avdelinga tar også hand om styrings- og strategioppgåver.

Denne stillinga vil ha kontorstad ved Campus Kristiansund.

"Campus Kristiansund skal bli ein felles campus for utdanning, forsking og innovasjon. Her samlar vi kompetanse frå næringsliv, offentleg sektor, høg- og fagskule og forskingsinstitusjonar i eit tverrfagleg og nyskapande miljø. Delar av miljøet er alt etablert i midlertidige lokale i Kristiansund sentrum, fram til første byggetrinn står klart i 2023. Meir informasjon finn du på www.campusksu.no.

Møre og Romsdal fylkeskommune er ein viktig aktør i Campus Kristiansund, og byggjer opp eit tverrfagleg kompetansemiljø med om lag 40 stillingar. Dette kompetansemiljøet er ein del av den samla fylkesadministrasjonen i Møre og Romsdal".

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk, og du vil få opplæring om du treng det.

Kontaktpersoner

Ole Jan Tønnesen
Fylkesvegsjef
Mobil: 920 29 590
Torgeir Bye
Seksjonsleiar vegdrift
E-postadresse: torgeir.bye@mrfylke.no
Mobil: 907 37 873

Hvem er Møre og Romsdal Fylkeskommune?

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, vegar og kollektivtransport, tannhelsetenester, samfunns- og næringsutvikling.

Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.