Forskarar – simulerings- og analysestøtte

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 27. mai, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

FFI ynskjer å utvide miljøet som støttar landstyrkene med analyser av materiell, prosedyrar og drift for ein optimal landstyrke i fred, krise og krig . Du blir ein del av eit bredt fagmiljø der oppgåvene strekkjer seg frå analyse av effektar på teknisk nivå, til meir overordna analyser innfor landmakta.

Arbeidsoppgåvene vil vere å byggje og utvikle simuleringsmodellar som analyseverktøy på ulike detaljnivå , så vel som å støtte landmakta i deira utvikling innan teknikk, taktikk og prosedyrar.

Landmakta er i stor og rask utvikling både med omsyn til organisering så vel som til store materiellanskaffingar. Me tilbyr eit miljø der ingen arbeidsdagar er like og der du får moglegheit til å arbeide med fagmilitære ekspertar og støtte avgjerder. Som naturleg del av arbeidet er fagleg utvikling og fordjuping innan eitt eller fleire av desse:

  • Modell‑ og programutvikling
  • Behandling og analyser av datasett  
  • Militære operasjonar   

Naudsynte kvalifikasjonar er realfagsutdanning med gode resultat frå universitet/høgskule, på minimum mastergradnivå, med tyngde innan eitt eller fleire av områda matematikk, fysikk, informatikk og kjemi. Interesse for militære problemstillingar er ein fordel, men militærbakgrunn er ikkje krevja. Det er ein fordel med erfaring frå programmering eller scripting.

Me søkjer deg som er fagleg nysgjerrig og som evnar å omsetje kunnskapen din til praktiske løysingar til nytte for landmakta. Til forskarstillinga må du ha eit ynskje om å arbeide med anvendt forsking til støtte for våre oppdragsgjevarar. Den raske utviklinga i landdomenet krev at du er framsynt og bidrar til at FFI gir relevante råd og alltid er eitt steg framfor.

Du må både ha gode samarbeideevner og handtere leveringsfristar saman med gruppa, så vel som å ta eigne initiativ og arbeide sjølvstendig. Me vektlegg personleg integritet og evne til å formidle funn og forskingsresultat til oppdragsgjevar. God skriftlig og munnleg framstillingsevne, både på norsk og engelsk, er ein føresetnad. Arbeidsspråket vårt er norsk.

Me ynskjer eit variert og mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, utan omsyn til alder, kjønn og bakgrunn. Dei som søkjer jobb hos oss, må kunne tryggingsklarerast og autoriserast i samsvar med det som er naudsynt for stillinga.

Les om kva som skal til for å bli tryggleikklarert.

Me legg vekt på om du er personleg eigna til stillinga.

Me byr på varierte, utfordrande og morosame oppgåver i eit stort og tverrfagleg miljø med gode utviklingsmoglegheiter. Me har fleksibel arbeidstid og sommartid, bedriftsidrettslag, bedriftsavtale med treningssenter, og andre sosiale tilbod. Som tilsett ved FFI blir du medlem i Statens pensjonskasse som tilbyr låne-, forsikrings- og pensjonsordningar.

Løna på FFI fylgjer Statens lønnsregulativ og  vert rekna ut i frå relevans og nivå på utdanning og erfaring. Det vert trekt to prosent til pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse.

Fleire opplysningar om stillinga og arbeidsoppgåvene får du ved å takontakt med forskingsleiar Halvor Ajer tlf. 63 80 73 66 / 918 13 387, eller forskar Marta Lill Sele tlf. 63 80 76 10 / 915 12 969.

Send søknad merka referansenummer 2018/00944, saman med kopiar av vitnemål frå vidaregåande og høgare utdanning og attestar frå arbeidserfaring, frå www.ffi.no innan 27. mai 2018. 

Kontaktpersoner

Halvor Ajer
Telefonnummer: +47 63 80 73 66
Marta Lill Sele
Telefonnummer: +47 63 80 76 10

Hvem er Forsvarets forskningsinstitutt?

Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) er et av landets ledende kompetansemiljøer innen teknologi. FFI er en sivil forskningsinstitusjon direkte underlagt Forsvarsdepartementet. Virksomheten har omkring 700 ansatte, hvor over 500 er forskere og ingeniører som utvikler teknologi og kunnskap for å gjøre Norge i stand til å ha et tidsriktig og effektivt forsvar. Instituttet er tverrfaglig og dekker fag som fysikk, informatikk, kommunikasjonsteknologi, kybernetikk, anvendt matematikk, elektronikk, kjemi, biologi, medisin, statsvitenskap og økonomi. Instituttet ligger på Kjeller ved Lillestrøm og Karljohansvern i Horten.

Les mer om Forsvarets forskningsinstitutt og se flere ledige stillinger