Forskar – kryptologi

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 28. januar, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

FFI søkjer forskar med god kunnskap innanfor kryptologi.

FFI startar no eit prosjekt som skal forska på kryptografiske løysingar for ubemanna og autonome system. Prosjektet skal bidra til at dei framtidige ubemanna og autonome systema i Forsvaret har   sikre mekanismar for vern av informasjon, og skal studera moglege kryptografiske teknikkar for å kunna tilrå konkrete løysingar. Sikker autentisering er eit primært krav og vil bli prioritert.

Prosjektet vil samarbeida med FFI sine veletablerte og aktive forskingsmiljø innan informasjonssikring, autonome/ubemanna system, og kommunikasjonsteknologi.

FFI utviklar teknologi i samarbeid med Forsvaret, og prosjektet vil også ha arbeidsoppgåver knytte til kryptosystema i Forsvaret. Likeeins har instituttet eit utstrekt samarbeid med norsk kryptoindustri. FFI legg stor vekt på å kunna samarbeida med akademiske institusjonar nasjonalt og internasjonalt. Vi legg også vekt på forskingsprosjekt innanfor Nato og EU, og oppmodar forskarane om å delta i slike.

 

Arbeidsoppgåver og område som vil inngå i arbeidet er:

  • Kartlegging og analyse av krav til kryptografiske løysingar for militære ubemanna og autonome system, og av eksisterande akademisk forsking og industriell utvikling på feltet. Dette vil verta eit grunnlag for eige nyskapande arbeid og konkrete løysingar. Arbeidet vil kunna spesialiserast inn mot særskilde bruksområde i Forsvaret.              
  •   
  • Støtte til relevante investeringsprosjekt og bidrag til Forsvaret sitt arbeid med konsept, scenarioutvikling og analyse av krypto.              
  •   
  • Internasjonalt samarbeid gjennom deltaking i relevante forskingsprosjekt i regi av Nato, EU eller andre.

 

Naudsynte kvalifikasjonar er utdanning med gode resultat frå universitet/høgskule på master-/doktorgradsnivå innan kryptologi, informatikk og matematikk. Det er ein fordel om utdanninga inneheld fleire av desse fagområda.

Du må vera løysingsorientert og ha evne til å driva forsking og utviklingsarbeid på eige initiativ, samtidig som du har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar og trivst med å jobba   tverrfagleg.

Vi krev at du kan ordleggja deg godt, både skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk. Arbeidsspråket vårt er norsk.

Vi ynskjer eit variert og mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar derfor alle som er kvalifiserte om å søkja stillinga, utan omsyn til alder, kjønn og bakgrunn. Dei som søkjer arbeid hos oss, må kunna   tryggingsklarerast og autoriserast i samsvar med det som er nødvendig for stillinga og oppgåvene. 

Les om kva som skal til for å bli tryggleikklarert 

Vi legg vekt på om du er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr eit unikt tverrfagleg miljø med spennandeutfordringar. Vi har fleksibel arbeidstid og sommartid, bedriftsidrettslag, bedriftsavtale med treningssenter og andre sosiale tilbod. Som tilsett ved FFI blir du medlem i Statens pensjonskasse som tilbyr låne-, forsikrings- og pensjonsordningar.

Lønnsplasseringa ved FFI følgjer Statens lønnsregulativ og blir berekna ut frå relevans, nivå og lengde på utdanning og erfaring. Det blir trekt to prosent til pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Fleire opplysningar om stillinga og arbeidsoppgåvene får du ved å ta kontakt med forskingssjef Eli Winjum, tlf. 63 80 72 02 / 928 35 324, eller forskingsleiar Nils Nordbotten, tlf. 63 80 70 85 / 911 13 817.   

Send elektronisk søknad merkt referansenummer 2018/00059, saman med kopiar av vitnemål frå vidaregåande og høgare utdanning og attestar frå arbeidserfaring, frå www.ffi.no innan 28.   januar 2018.

Kontaktpersoner

Eli Winjum
forskingssjef
Telefonnummer: +47 63 80 72 02
Nils Nordbotten
Forskningsleder

Hvem er Forsvarets forskningsinstitutt?

Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) er et av landets ledende kompetansemiljøer innen teknologi. FFI er en sivil forskningsinstitusjon direkte underlagt Forsvarsdepartementet. Virksomheten har omkring 700 ansatte, hvor over 500 er forskere og ingeniører som utvikler teknologi og kunnskap for å gjøre Norge i stand til å ha et tidsriktig og effektivt forsvar. Instituttet er tverrfaglig og dekker fag som fysikk, informatikk, kommunikasjonsteknologi, kybernetikk, anvendt matematikk, elektronikk, kjemi, biologi, medisin, statsvitenskap og økonomi. Instituttet ligger på Kjeller ved Lillestrøm og Karljohansvern i Horten.

Les mer om Forsvarets forskningsinstitutt og se flere ledige stillinger