Førarprøvesensor Haugesund

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Vi søkjer ein førarprøvesensor som vil vere ansvarleg for avvikling av praktiske og teoretiske førarprøver i Haugesund. Ved behov vil det vere aktuelt å køyra førarprøvar på Stord og i Odda.

Det inneber at du har evne og interesse til å foreta objektive vurderingar av trafikantane si trafikkforståing og mestring av køyretøy i trafikken. Du er også engasjert i trafikksikkerheit og trafikksikker køyring.

Som førarprøvesensor vil du i stor grad arbeide med forvaltning av lov og forskrifter og har ein stor grad av direkte kontakt med publikum. Vi søkjer difor etter deg som trivast med menneske og har ynskje om å utvikle dine formidlingsevner. Du ser det som ei positiv utfordring å kombinere myndigheitsrolla med tenesteyting.

Arbeidsoppgåver
  • Avvikling av teoretiske og praktiske førarprøvar
  • Sakshandsaming innanfor førarkort og føraropplæring
  • Anna trafikktryggleiksarbeid

Det må påreknast reising mellom oppkøyringsstadane

Kvalifikasjonskrav og bakgrunn
  • Trafikklærarutdanning, pedagogisk utdanning eller annan relevant utdanning frå universitet eller høgskule, min. 2-3 år
  • Førarkort min. klasse A, B, BE og T, samt føresetnad for å oppnå dei andre førarkortklassane, dvs. oppfylle dei helsekrav som er fastsette for å kunne få førarrett i klasse D
  • Ha fylt 25 år og ha hatt førarrett i klasse B samanhengande dei siste 5 år
  • Har gode språkkunnskapar både munnleg og skriftleg på norsk
  • Ønskeleg med praksis frå trafikantopplæring eller anna trafikal opplæring
  • Ønskeleg at du har førarkort i klassane C og/eller CE og D, og god erfaring på MC

 

For søkjarar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader for stillingane, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Som ein del av opplæringa vil du og få delta på våre interne høgskulekurs innan fagområdet. Obligatorisk opplæring starter i januar 2020 og det er ein føresetnad at aktuelle søkjarar kan tiltre i stillinga innan 02.01.2020.

Vi vil leggje særs vekt på dine personlege eigenskapar og haldningar og ynskjer ein kollega som:

  • har sosiale og pedagogiske evner
  • evne til kommunikasjon og kundebehandling
  • evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og nøyaktig
  • er lojal og pliktoppfyllande og punktlig,
  • spelar på lag og likar å samarbeide

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid. 

Vi tilbyr også desse goda
  • introduksjonsprogram og fadderordning    
  • fleksitid
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og høve til faglig påfyll

Lønn blir fastsett etter nærmare avtale i samsvar med etatens lønnspolitikk, og det vert trekt 2% pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet. Me jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Me gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering.

Kontaktperson og søknad

Meir informasjon om stillinga kan du få ved å ta kontakt med faggruppeleiar Rolf Helge Fjell på mobil 95059095 eller helst på e-post : rolf.fjell@vegvesen.no

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger