Førarprøvesensor, Haugesund

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 21. oktober, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

Om stillinga

Vi søkjer ein førarprøvesensor som vil vere ansvarleg for å utføre  praktiske og teoretiske førarprøver i Haugesund, på Stord og i Odda.

Det inneber at du har evne og interesse til å foreta objektive vurderingar av trafikantane si trafikkforståing og mestring av køyretøy i trafikken. Du er også engasjert i trafikksikkerheit og trafikksikker køyring.

Som førarprøvesensor vil du i stor grad arbeide med forvaltning av lov og forskrifter og har ein stor grad av direkte kontakt med publikum. Vi søkjer difor etter deg som trivast med menneske og har ynskje om å utvikle dine formidlingsevner. Du ser det som ei positiv utfordring å kombinere myndigheitsrolla med tenesteyting.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre teoretiske og praktiske førarprøvar
  • Sakshandsaming innanfor førarkort og føraropplæring
  • Anna trafikktryggleiksarbeid

Det må påreknast reising mellom oppkøyringsstadane

Kvalifikasjonskrav og bakgrunn:

  • Trafikklærarutdanning, pedagogisk utdanning eller annan relevant utdanning frå universitet eller høgskule, min. 2-3 år
  • Førarkort min. klasse A, B, BE og T, samt føresetnad for å oppnå dei andre førarkortklassane, dvs. oppfylle dei helsekrav som er fastsette for å kunne få førarrett i klasse D
  • Ha fylt 25 år og ha hatt førarrett i klasse B samanhengande dei siste 5 år
  • Har gode språkkunnskapar både munnleg og skriftleg på norsk
  • Ønskeleg med praksis frå trafikantopplæring eller anna trafikal opplæring

Ønskeleg at du har førarkort i klassane C og/eller CE og D

For søkjarar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader for stillingane, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Som ein del av opplæringa vil du og få delta på våre interne høgskulekurs innan fagområdet.

Vi vil leggje særs vekt på dine personlege eigenskapar og haldningar og ynskjer ein kollega som:

Har sosiale og pedagogiske evner evne til kommunikasjon og kundebehandling evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og nøyaktig er lojal og pliktoppfyllande og punktlig, spelar på lag og likar å samarbeide

Tilsett i Statens vegvesen

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning    
  • Fleksitid
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskular og høve til faglig påfyll
  • Lønn blir fastsett etter nærmare avtale i samsvar med etatens lønnspolitikk, og det vert trekt 2% pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. 

Søknad

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersoner

Rolf-Helge Grønås
Telefonnummer: 90083409

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger