Fast stilling som grunnervervar

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 12. desember, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

Om stillinga

Dersom du kan tenkje deg å arbeide med grunnerverv og eigedomssaker og er enten jordskiftekandidat, jurist eller har annan relevant bakgrunn, har vi stilling til deg. På eigedomsseksjonen i Statens vegvesen Region vest har vi ledig ei fast stilling som grunnervervar med kontorstad på Leikanger.

Arbeidsoppgåver

Eigedomsseksjonen har ansvar for erverv av areal til bygging og drift av riks- og fylkesvegar. Seksjonen har også ansvar for oppmåling og forvaltning av eksisterande veggrunn. Seksjonen har eit samla fagmiljø på vel 60 medarbeidarar i regionen.

Våre prosjekt varierer frå store veganlegg til gang- og sykkelvegar, trafikksikringstiltak og større og mindre drifts- og vedlikehaldsprosjekt. I tida framover vil aktiviteten med nye utbyggingsprosjekt auka vesentleg og som følgje av det ønskjer vi å styrke bemanninga ved seksjonen.

Den som vert tilsett vil få utfordrande, varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan grunnerverv. Som grunnervervar vil du delta i prosjektgrupper for nye vegprosjekt og bidra i heile prosessen frå start av planarbeidet til veganlegget er ferdig bygd.

Kvalifikasjonskrav

  • Det blir kravd at du har mastergrad frå universitet/høgskule innan fagområda planfag, eigedomsfag eller juridiske fag. For søkjarar som har lang og relevant erfaring innan aktuelt fagområde, og som har gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
  • Det er ønskjeleg med erfaring innan fagområdet, men vi vil også oppmoda nyutdanna til å søkje.
  • Søkjaren må ha førarkort for personbil.
  • Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetning av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).
  • Seksjonen har mykje kontakt med eksterne aktørar, og vi legg vekt på gode samarbeidsevner, sjølvstendig og systematisk arbeidsform og god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne.
  • Vi ønskjer at du er initiativrik, engasjert og resultatorientert og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsrettaløysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda: 

  • Introduksjonsprogram og fadderordning 
  • Pensjonsordning og anledning til lån i Statens pensjonskasse 
  • Etatsskular og høve til fagleg påfyll

Vi tilbyr løn etter nærare avtale i høve til etaten sin lønspolitikk. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersoner

Odd-Sverre Johansen

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger