Fast stilling som elektrikar med automasjonserfaring

Stillingsbeskrivelse

NVE har det nasjonale ansvaret for kartlegging og overvaking av ustabile fjell som kan utvikle fjellskred. Per i dag er sju fjell i Noreg underlagt kontinuerleg overvaking med sanntids data. Denne overvakinga blir drifta av to overvakingssenter; eit på Stranda i Møre og Romsdal, og eit i Troms.   Ved Senteret på Stranda er det no ledig ein fast stilling og vi søker ein elektrikar som har erfaring med automasjon. Senteret på Stranda  har ansvaret for den tekniske drifta av overvakinga av dei ustabile fjellpartia i Sør Noreg, per i dag tre fjell i Møre og Romsdal, og eitt i Sogn og Fjordane. Som elektrikar hos oss vil du få ta del i eit breitt spekter av elekto- og anleggsmessige oppgåver knytt til dei ustabile fjellparti som vert overvaka frå Stranda. 

Arbeidsoppgaver

  • Etablering av el-anlegg for dei ulike overvakingsobjekta og vedlikehald og oppgradering av eksisterande anlegg.
  • Kvalitetssikre og bidra til å utvikle gode straumløysingar med lavt forbruk og lave driftskostnader i samarbeid med eksterne aktørar.
  • Installere styring/fjernstyring av mobil kraftforsyning og permanent kraftforsyning i felt. Utføre vedlikehald av slike system.
  • Kandidaten må bidra innanfor ei rekke andre område på teknisk side i seksjonen.
  • Feltarbeid i dei overvaka fjellpartia.
  • Deltaking i den tekniske vaktordninga som inngår i den kontinuerlege overvakinga av ustabile fjellpartia som senteret på Stranda har ansvar for.
  • Du må rekne med ca. 90 dagar i felt, med varigheit frå ein til fem dagar.

Ønskede kvalifikasjoner

  • Elektriker med fagbrev gruppe L.
  • Godkjent FSE-kurs for elektrikere.
  • Erfaring frå automasjonsbygging av skap, (programmering av PLS, datakommunikasjon- system og feilsøking på slikt utstyr).
  • Erfaring frå tilsvarande oppgåver og feltarbeid er en fordel.
  • Førarkort B er minimum, ønskelig BE/C1/C1E.
  • Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk.
  • Kjennskap til offentlege tingingar og anbod.
  • Grunnleggjande kjennskap til HMS.
  • God fysisk form og evne til arbeid i bratt terreng.

Ynskjelige kvalifikasjonar:

  • Fallsikringskurs.
  • Truckførerbevis.
  • Erfaring frå teknisk teikning (DAK).
  • Erfaring frå sveising  (MIG og TIG).    

Personlige egenskaper

  • Ikkje redd for høgder.
  • Evne til å arbeide i lag.
  • Evne til problemløysing i felt, både planlagt og ad hoc.
  • Det vert lagt betydelig vekt på om du er personleg eigna.

Vi tilbyr

  • Deltaking i ei samfunnsviktig oppgåve for å sikre lokalsamfunn mot ein alvorleg naturfare.
  • Eit kompetent fagmiljø innanfor overvakingsteknologi og geologi.
  • Fleksibel og familievenleg personalpolitikk og arbeidstid.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stillinga vert lønna innan spennet kr 523 200 - 605 500 pr. år som fagarbeidar m/fagbrev (1203). For særs godt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønnsplassering. Endeleg lønnsplassering er avhengig av kvalifikasjonar. Frå lønna vert trekt pensjonsinnskot etter gjeldande reglar.
  • Stillinga er lokalisert ved NVE sitt overvakingssenter i Stranda kommune i Møre og Romsdal, ca. 50 km sør for Ålesund.

I NVE har vi eit tverrfagleg miljø med medarbeidarar frå over 20 nasjonar. Staten legg vekt på mangfald. Vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming eller kulturell bakgrunn. NVE er ei IA-bedrift og vil legge tilhøva til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Legg ved vitnemål og attestar elektronisk. Søknadspapir vert ikkje returnert.

Om du ynskjer å reservere deg frå ei offentleg søkjarliste må du grunngi dette. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om å verte unnateke søkjarlista. Om ynskjet om reservasjon ikkje vert teke til følgje vil søkjaren verte varsla før ev offentleg søkjarliste vert utforma.

   

Kontaktpersoner

Eldar Gjærde
Faglig koordinator
Telefonnummer: 922 48 822
Kathrine Berg Nilsen
HR-kontakt
Telefonnummer: 22 95 98 62

Hvem er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)?

Vil du jobbe tett på Norges vann- og energiressurser? Som ansatt i NVE kan du være med å påvirke hvordan disse viktige ressursene blir brukt i fremtiden.

NVE må håndtere mange utfordringer i årene som kommer. Klimaendringene, fornybar energi, sikker strøm­forsyning, flom, skred og internasjonalisering av bransje og regelverk er eksempler på dette. NVE har hovedkontor i Oslo og regionkontor i Tønsberg, Hamar, Førde, Trondheim og Narvik. I tillegg har vi fjellskredovervåking på Stranda og i Kåfjord.

Les mer om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og se flere ledige stillinger