Fagleiar Eigendom

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 15. juni, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Vi har ledig 100% fast stilling som fagleiar eigedom frå snarast. 

Teknisk drift og eigedom er organisert i to avdelingar, kommunalteknikk og eigedom. Under fagleiar eigedom ligg pt vedlikehaldsarbeidarar grønt og bygg, reinhaldarar og snekkarar. Tenesteleiar Teknisk drift og eigedom er næraste overordna.

Arbeidsoppgåver

  • Leie, følgje opp og koordinere arbeidet innan avdelinga
  • Utarbeide, gjennomføre og vedlikehalde FDV-planar på kommunale bygg
  • Utarbeide grunnlag for anbod, kontrahering av eksterne firma
  • Ansvar for drift av SD-anlegg
  • HMS-ansvar for sitt område

Kvalifikasjonar

  • 3 år byggfagleg ingeniørutdanning
  • Praktisk erfaring innan bygg-/eigedomsrelaterte fagområde
  • Leiarerfaring, gjerne frå relevant fagområde
  • Må kunne bruke moderne dataverktøy
  • Førarkort, minimum klasse BE

Utdanning

  • Bygg og anlegg
  • Høgskule/Universitet
  • Ingeniør/bygg

Eigenskapar

  • Serviceinnstilt
  • God på munnleg og skriftleg kommunikasjon
  • Må kunne arbeide sjølvstendig, og ha evne og vilje til tverrfagleg samarbeid.
  • Stillinga kan bli tillagt andre arbeidsoppgåver. Det blir utarbeidd stillingsbeskriving.

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Løn etter avtale
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement

Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad

Den som blir tilsett må nytte eigen bil i teneste.

Kontaktpersoner

Helene Nilsen
Personalkonsulent
Sigbjørn Åge Fossdal
Tenesteleiar
Telefonnummer: (+47) 37 93 86 06

Hvem er Bykle kommune?

Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 21 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.

Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette