Faggruppeleiar elkraft, Voss

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 25. juni, 2017. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Vil du være med å bidra til framtidas jernbane?

På Voss er det ledig stilling som faggruppeleiar elkraft.

Som faggruppeleiar har du fagansvar på di delstrekning. Dette omfattar mellom anna kjøreleidning, sporvekselvarme og tomtelys. Du har budsjett- og personalansvar og er ansvarleg for å prioritere drifts- og vedlikehaldsaktiviteter innanfor gjeldande mål- og resultatkrav for stillinga. Du skal syte for god ressursutnytting av personell og utstyr for å løyse arbeidsoppgåvene og sikre produktivitet. Du skal også fremme tverrfagleg samarbeid for best mogeleg leveranse.

Stillinga rapporterer til banesjef, og vil inngå i banesjefen si leiargruppe.

 

Arbeidsoppgaver

  • budsjett- og personalansvar
  • ansvar for sikkerheit, tilgjengelegheit og kvalitet i anlegga
  • ivareta arbeidsmiljø, kompetanse, ressursbruk og produktivitets- og tilstandsutvikling
  • syte for at teknisk dokumentasjon er oppdatert
  • ivareta samarbeid med dei andre faggruppene på strekninga

 

Ønskede kvalifikasjoner

  • ingeniørutdanning. Teknisk fagskule eller fagbrev i kombinasjon med leiarerfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • kompetanse innan sikkerhet - må kunne vurdere og handtere risiko i verksemda
  • leiareigenskaper med evne til å skape fellesskap og engasjement
  • kunnskap om jernbaneverksemd og Bane NOR sitt tekniske regelverk innan sitt fagområde
  • ha eller erverve seg lokalkunnskap, kunnskap om tilstand, risiko, handtering av avvik og nødvendig beredskap
  • erfaring med bruk av ulike IKT-system som arbeidsverktøy
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

 

Personlige egenskaper

Som leiar har du fokus på sikkerheit, fagleg kvalitet, forbetring og produktivitet. Du evner å prioritere og leie ut frå ei balansert vurdering av desse målområda, slik at du oppnår resultat mens verksemda alltid vert driven innan trygge rammer. Du motiverer medarbeidarane dine og vidareutviklar kompetansen i egen eining. Du er ein fagleg støttespiller for banesjefen innan ditt fagområde og du tenker heilskapleg løysing også på tvers av fag og områder.

Vi legg vekt på lojalitet til Bane NOR sine etiske retningslinjer og verdiane open, profesjonell og engasjert.

 

Vi tilbyr

Du vil bli del av eit arbeidsmiljø som består av eit høgt fagleg kompetansenivå og vil få arbeide i ei bedrift som utfører spennande og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver.

I tillegg kan vi tilby:

  • eit uformelt, engasjert og fagleg sterkt miljø med trivelege kollegaer
  • pensjon og gruppelivsforsikring
  • personalbillett med NSB sine tog

 

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngi dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentliggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Du vert varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.

Kontaktpersoner

Bjørn Skauge
Telefonnummer: Mob. 916 66 154

Hvem er Bane NOR?

Bane NOR er et statlig foretak med ansvar for den nasjonale jernbaneinfrastrukturen.

Bane NORs formål er å sørge for tilgjengelig jernbaneinfrastruktur og effektive og brukervennlige tjenester, inkludert knutepunkts- og godsterminalutvikling. Foretaket har ansvaret for planlegging, utbygging, forvaltning, drift og vedlikehold av det nasjonale jernbanenettet, trafikkstyring og forvaltning og utvikling av jernbaneeiendom. Bane NOR har det operative koordineringsansvaret for sikkerhetsarbeidet og operativt ansvar for samordning av beredskap og krisehåndtering. Bane NOR har om lag 4.500 ansatte og har hovedkontor i Oslo.