Fagansvarleg eigedomsdrift

Stillingsbeskrivelse

Vil du vere med å jobbe hos Noregs største eigedomsforvaltar? Ønskjer du å ha ein inspirerande og spennande jobb med høve til å arbeide innan eit breitt fagmiljø? Då er du kanskje rette personen for denne jobben.

Sentral eining Avtale og eigedomsstyring har landsdekkande fag- og prosessansvar innanfor forvaltning, drift, vedlikehald (FDV) og utvikling av eigedomsporteføljen. Vi søkjer etter ein medarbeidar som kan fylle rolla som Fagansvarleg eigedomsdrift. Arbeidsstad kan vere: Oslo, Rygge, Sessvollmoen, Elverum/Terningmoen, Haakonsvern, Setermoen, Værnes, Lillehammer i tillegg til regelmessige arbeidsdagar i Oslo.

Reiseaktivitet: du må rekne med ein del reising i samband med jobben.

Forsvarsbygg skal ha eit arbeidsmiljø prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling og søkjer derfor ei balansert fordeling med tanke på alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ønskjer å knytte til oss nye medarbeidarar som kan påvierke bedriftskulturen positivt gjennom sin personlege og faglege kompetanse.

Forsvarsbygg er underlagt vilkåra i Offentleglova – jfr spesielt Offentleglova § 25. Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre www.forsvarsbygg.no/jobb.

 

Arbeidsoppgaver

  • Utarbeide faglege og effektive arbeidsprosessar samt prosedyrar/malverk i samarbeid med regional driftsleiing.
  • Leie, planleggje, gjennomføre, koordinere og implementere ulike utviklingsprosjekt innan ansvarsområdet til avdeling Drift
  • Bistå regional driftsleing ved utarbeiding av risikovurderingar knytte til eigedomsdrift
  • Bistå i arbeid med oppfølging og videreutvikling av ulike IKT-system; FDV-system, reknskapssystem med vidare
  • Gi råd og fagleg oppfølging til leiar Drift sentralt og regionalt
  • Praktisk rådgivning som gjeld drift generelt inklusive bruk av FDV-system (Xpand)

 

Ønskede kvalifikasjoner

  • Relevant utdanning på bachelornivå. Relevant lågare utdanning kombinert med erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant erfaring frå eigedomsdrift
  • Erfaring med kvalitetsleiing og leveranseoppfølging knytt til eigedomsdrift
  • Erfaring med bruk av data som eit arbeidsverktøy, og bruk av elektronisk FDV-system
  • Ønskeleg med relevant erfaring frå omleggings- og effektiviseringsprosjekt (Lean eller liknande) innen eigedomsdrift
  • Ønskeleg med erfaring med utarbeiding av kravspesifikasjonar
  • Må kunne tryggingsklarerast til Hemmeleg

 

Personlige egenskaper

  • Resultat- og leveranseorientert
  • Gode kommunikasjonseigenskapar
  • Gode samarbeidsevner
  • Strukturert, effektiv og evnar å handtere fleire parallelle oppgåver samstundes
  • Initiativrik

 

Vi tilbyr

  • Løn som senioringeniør/seniorrådgivar (kode 1181/1364; løn frå kr 611 700 - kr 704 800) etter Statens lønsregulativ. Endeleg lønsplassering gjerast etter vurdering av kvalifikasjonar. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • Utfordrande jobb i ein dynamisk organisasjon
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Av studentar kåra til universum topp 100 mest attraktive arbeidsgivarar

Kontaktpersoner

Helge Sigstad
Leder Drift, Avtale og eiendomsstyring
Telefonnummer: +47 414 14 612

Hvem er Forsvarsbygg?

Den beste arbeidsplassen er den som fungerer som en videreutdanning. Slik tenker vi, og det tror vi du gjør også. I Forsvarsbygg bruker vi mye ressurser på å utvikle våre medarbeidere og ledere. Det er nødvendig for å beholde de beste, og det er nødvendig for å plassere oss der vi ønsker å være, som ledende i vår bransje.

Forsvarsbygg er Norges største offentlige eiendomsaktør, og forsvarssektorens egen eiendomsekspert. Ingen kan mer enn oss om Forsvarets særskilte behov. Vi bygger og tar hånd om mange av landets mest særegne og krevende bygg, vi er hjem for menige og befal, og vi bidrar til trivsel på tusenvis av arbeidsplasser.

Les mer om Forsvarsbygg og se flere ledige stillinger