Etatsjef samfunnsutvikling, 2. gongs lysing

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 03. november, 2019. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som etatsjef for områda innan samfunnsutvikling, herunder blant anna; teknisk, plan, miljø og landbruk.

Etatsjef inngår i rådmannen sitt leiarteam og rapporterar direkte til rådmannen. Leiarteamet arbeider i fellesskap med forsvarleg forvaltning og berekraftig utvikling av kommunen. Vi søkjer difor ein positiv person med gode samarbeidsevner, som ser samfunnsutvikling i eit heilskapeleg perspektiv.

Etaten inneheld desse fagområda:

  • Arealplan
  • Byggesak
  • Vatn og avløp
  • Klima, miljø og naturforvaltning
  • Jordbruk, skogbruk og vilt/fiskeforvaltning
  • Landmåling, kart og GIS
  • Beredskap og teknisk drift

Ansvarsområder:

  • Ansvar for etatens økonomi og personale, samt utvikling av fagområdene
  • Ansvar for å sikre ein effektiv tenesteutøving med god kvalitet i samsvar med lovverk, rammebetingelser og målsetningar
  • Ansvar for rekruttering og kompetanseutvikling i etaten
  • Vidareutvikle etaten med fokus på å skape ein felles kultur og innovativ tankegang
  • Ansvarleg for etatens sakshandsaming innanfor fagområda
  • Prosjektverksemd

Kvalifikasjonar:

  • Relevant universitets- eller høgskuleutdanning, til dømes innanfor ingeniørfag, forvaltning, jus, realfag, samfunnsfag
  • Relevant leiarerfaring frå offentleg og/eller privat verksemd fortrinnsvis på tilsvarande organisasjonsnivå
  • Kjennskap til lovverk og føresegner innanfor kommunal forvaltning
  • God forståing for offentleg forvaltning og økonomi
  • God systemforståing og digital kompetanse

Vi søker deg som

  • vil vere med å forvalte og utvikle verdiane i Vang kommune
  • gjennom dine leiareigenskaper evner å levere gode resultat i samarbeid med andre
  • har høg gjennomføringsevne, er tydeleg og beslutningsdyktig
  • finn gode løysingar og held fokus på utvikling av medarbeidarar, system og organisasjon
  • tør å tenkje nytt, tar utfordringar og ser moglegheiter
  • har gode strategiske og analytiske eigenskapar
  • skapar tillit gjennom høg fagleg og personleg integritet
  • har stor interesse for kommunal forvaltning og utvikling av fagfeltet
  • har god forståing for forholdet mellom politikk og administrasjon

Personlige eigenskapar vil bli lagt stor vekt på.

Vi tilbyr

  • deltaking i ei engasjert og inkluderande leiargruppe
  • spanande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • moglegheit til å være med på å utvikle tjenesteområdet saman med engasjerte medarbeidarar
  • moglegheit til å være med på å vidareutvikle ein spanande kommune
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunens løns- og stillingsregulativ
  • fleksibel arbeidstid

Andre opplysingar

  • Søkjar må har førarkort klasse B og disponera bil
  • Kommunen nyttar nynorsk som målform
  • Det kan bli aktuelt å endre tittel på stillinga til kommunalsjef
  • Kommunen har personalbustadar til disposisjon
  • Vang kommune er opptatt av mangfald og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
  • Tilsetting på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.

For meir info om Vang kommune, sjå: https://www.vang.kommune.no

For meir info om etaten, sjå: https://www.vang.kommune.no/tenester/landbruk-og-teknisk/

For meir info om det gode liv i Vang, sjå: https://www.vangivaldres.no/om-vang/vangswiki/

Tilsettingsprosess

Det er planlagt eit fellesmøte for aktuelle kandidatar i Vang måndag den 11.november 2019. Deretter individuelle intervju.

Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk gjennom "Søk nå knappen" eller heimesida vår www.vang.kommune.no. Søknad skal merkast med arkivsak nr. 19/601

Søknadsfrist: Søndag 3.november 2019

Kontaktpersoner

Erlend Haaverstad
Rådmann
Mobil: 414 38 914

Hvem er Vang kommune?

Vang er ein kommune i Oppland, lengst vest i Valdres, i naturskjønne omgjevnadar og med rike moglegheiter for friluftsliv vinter som sommar. Kommunen har eit omfattande kulturliv, og full barnehagedekning, her i Vang kan du leve eit godt liv!

Vestlandsfjell og Austlandsklima er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik, her er me omlag 1600 innbyggjarar og eit areal på 1 505,24 km². I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarvheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn.

Besøk gjerne www.vang.kommune.no og www.vangivaldres.no for bilete og fakta om kommunen.