Erfaren systemutviklar blir søkt til komplekst domene

Systemutviklar

Stillingsbeskrivelse

Liker du å vere med å utvikle løysingar du får følgje over tid? Synest du også det er viktig å få vere med å bestemme korleis du og teamet ditt jobbar? Om du samtidig er oppteken av at øysingane teamet ditt lagar er gode for brukarane, håper vi du vil bli den nye kollegaen vår.

Panda

Vi treng fleire utviklarar til Panda, som er eit nytt system for premieberekning. Panda skal berekne kor mykje pengar som må betalast av arbeidsgivarane for å kunne dekke framtidige pensjonar for arbeidstakarane som er medlem hos oss. Det vi kallar pensjonsreserven er i dag på 550 000 000 000 (ja, 550 milliardar) kroner!

Som utviklar på Panda må du forstå programmering godt. Du må ha god forståing og interesse for analyse og design, som for eksempel uttrykt i Domain Driven Design . Du vil jobbe med alt frå overordna til detaljert design, programmering, testing, utrulling og oppfølging, og du vil få systemansvar for delar av løysinga.

Pensjonsreserven blir påverka blant anna av endringar i kvar enkelt arbeidstakar si lønn og stillingsprosent, og ikkje minst forventa levealder. Forenkla er vår samla pensjonsreserve summen av reserven til alle enkelpersonane. Dette bereknar vi saman i team med aktuarane vårt, som er ekspertar på forsikringsmatematikk. Det er likevel fint om du klarer å henteopp noko av matematikken frå vidaregåande raskt.

Vi skal gjere full premieberekning dagleg. Ny løysing blir derfor tilstandsløs (stateless). Vi snakkar massiv parallellprosessering og behandling av store datamengder i minne. Det er godt mogeleg vi treng å køyre dette i ei skyløysing, og det vil du vere med på å finne ut av.

Smidig i SPK

Hos oss skjer all utvikling i tverrfaglege team beståande av utviklarar, arkitektar, driftereie og domeneekspertar frå forretningssida. Teama sit saman og gjer all utvikling slik at dei kan følge sluttprodukta over tid. Teama organiserer seg sjølve, og vi jobbar for at dei kan bli enda meir sjølvberga i kvardagen.

Raskt frå behov til produksjon Vi har eit sterkt fagmiljø basert på teknisk kunnskap,inngåande kjennskap til organisasjonen sine forretningsområde, og ein vilje til å forbetre og forenkle - godt forankra i smidig metodikk. Vårt team har få avhengigheiter til andre team og andre løysingar, så vi bruker Docker og pusher ut kode til produksjon når vi meiner den har god nok kvalitet. Vi passar sjølv på Panda i produksjon. Ein av utviklarane har også  rolla scrum master, og dette er ei rolle også du som den nye kollegaen vår kan ha dersom du ønsker det.

Vi har eit fagmiljø som er stort nok til at vi har interessante utfordringar og høve til å stadig lære nye ting eller bytte team. Samtidig er vi små nok til at meininga di påverkar teknologival og korleis vi jobbar.

Vi setter pris på om du lastar opp dokumentasjon på høgare utdanning når du søker på stillinga. Søkarar med utanlandsk høgare utdanning blir bedte å legge ved stadfesting på NOKUT si generelle godkjenning.

Kvalifikasjoner

  • Du har utdanning på bachelor- eller mastgradsnivå innanfor IT, eller kombinasjon av IT-utdanning og relevant erfaring.
  • Du ser på deg sjølv som ein god java-utviklar, og det er også slik du blir sedd på av andre utviklarar.
  • Du har god forståing og interesse for analyse og design.
  • Du har erfaring med ein eller fleire av desse teknologiane eller konsepta dei representerer: Spring, Maven, Git, Docker
  • Erfaring med hyppige/kontinuerlege leveransar er eit pluss.
  • Du snakkar og skriv norsk godt.

Personlige egenskaper

  • Du spør ofte kvifor er det sånn?
  • Du synest det ålreit å samarbeide med andre.
  • Du liker både tekniske og forretningsorienterte diskusjonar.
  • Du får ting gjort og bidrar til at teamet sine oppgåver blir løyste med god kvalitet.
  • Du deler gjerne kunnskapen din med andre like mykje som du er interesserte i å lære av kollegaer.
  • Du liker å jobbe med løysingar frå topp til botn, og ser på det som sjølvsagt å følge med korleis løysingar oppfører seg i produksjon og korleis dei blir oppfatta av brukarane.

Vi tilbyr

  • Fornøgde kollegaer som gjerne deler kunnskap og erfaring.
  • Oppfordringar til å lære nye ting! Her er det rom for både kurs og konferansar - også utanfor landet sine grenser.
  • Ein trygg og føreseieleg arbeidsplass med lite byråkrati og ein organisasjon som ønsker utvikling og forbetring velkommen.
  • Du vel sjølv om du vil ha Linux eller Windows på PC-en din.
  • Moglegheit til å løyse samfunnsoppdraget vårt der vi sørger for at pensjonistar og uføretrygda får lønn. Vi står overfor store reformer dei kommande åra og her blir det mange oppgåver og høgt tempo!
  • Sentral plassering i nye lokale på Skøyen med kort veg til buss, trikk og tog.
  • Kontorløysingane har universell utforming, samt heis i bygget.
  • I sykkelparkeringa i kjellaren kan du lade og vaske sykkelen før du skiftar i garderoben. Der finn du både dusj og reine handklede!
  • Vi er ein av Noreg sine beste pensjonsordningar, med gode forsikringsordningar og moglegheit for bustadlån.
  • Du vil få fleksitid og betalt overtid, men vi løyser den meste innanfor vanlege arbeidstida. Vi har i tillegg kortare arbeidstid på sommaren.
  • Stillinga blir lønt som 1364 Seniorrådgiver.

Kontaktpersoner

Sven Erik Bjerke
seksjonssjef
Telefonnummer: 971 61 025

Hvem er Statens Pensjonskasse?

Statens pensjonskasse er Norges største leverandør av offentlig tjenestepensjon. Vi forvalter pensjonsrettigheter på ca. 530 milliarder kroner for rundt 1 400 virksomheter og over én million medlemmer. Vi har ca. 400 ansatte og holder til i moderne lokaler på Skøyen i Oslo. Virksomheten er organisert i fire forretningsområder og fire støtte-/stabsområder. 

Vi er på vei inn i en omfattende reformperiode med flere krevende og store utviklingsprosjekter. IT er et sentralt virkemiddel i den videre utviklingen av virksomheten. Reformarbeidet omfatter hele organisasjonen og krever tett samhandling mellom IT-området og forretningsområdene.