Er du vår nye driftsleiar?

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 08. oktober, 2020. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Statsbygg har ei ledig stilling som driftsleiar i Bergen og omland. Drift er organisert i team, og arbeidsstad kan endrast. For tida vil arbeidsstad vere på Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad. 

Som eigar av eigedomar har Statsbygg ansvar for forvalting, drift, vedlikehald og utvikling. Den som blir tilsett, skal primært jobbe med driftstekniske oppgåver. Som eigar og utleigar legg Statsbygg vinn på å ha eit godt og konstruktivt samarbeid med kundane våre. Difor er god kundebehandling viktig i alle ledd i organisasjonen.Vi ser etter ein person som trivst med utfordrande oppgåver og høgt tempo, og du må vere opptatt av effektivitet og optimalisering. Statsbygg har høgt fokus på digitalisering av ulike tenester og funksjonar, og på bruk av nye løysingar og ny teknologi. Stillinga gir høve til å bidra til vidareutvikling og effektivisering av Statsbygg sin driftsorganisasjon, spesielt med tanke på ny teknologi, klima og miljø.

Arbeidsoppgaver

  • Stå for, systematisere og legge til rette for drift og verdibevarande vedlikehald av bygningar, tekniske anlegg og uteområde
  • Drift av teknisk anlegg ved hjelp av SD-anlegg
  • Bestille og følgje opp eksterne leveransar etter forskrift om offentlige anskaffelser, administrasjon og fakturabehandling
  • Utarbeide og setje seg inn i statusoversikter og tilstandsanalysar for eigedomane, innanfor drift og vedlikehald
  • Aktivt medverke til at Statsbygg når dei måla som er sette innanfor ulike satsingsområde for til dømes miljø, energi og universell utforming
  • Bidra til god kundebehandling mellom leigetakar og Statsbygg
  • Systematisk innhenting av FDV-dokumentasjon ved endringsarbeid
  • Oppfølging av mindre byggeprosjekt/prosjektleiing
  • Andre oppgåver i team-området kan bli lagde til stillinga

Ønskede kvalifikasjoner

  • Fagbrev, fortrinnsvis innan VVS, automatikar og med erfaring frå byggautomasjon og tekniske anlegg. Teknisk fagskule er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  • Minimum fem års relevant praksis
  • Erfaring innan drift og vedlikehald av eigedom er ønskjeleg, samt erfaring frå energianlegg, byggautomasjon og kjøleteknikk 
  • Fordel med erfaring frå kunderetta verksemd og innkjøp
  • Gode ferdigheiter og erfaring med dagleg bruk av IKT-baserte system, medrekna Office-pakka, er nødvendig
  • God framstillingsevne på norsk, skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B

Personlige egenskaper

  • Målretta, systematisk og løysingsorientert
  • Sjølvstendig, engasjert og avgjerdslojal
  • Evne til å skape gode relasjonar og samarbeid internt og eksternt
  • Kunde- og serviceorientert

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver i eit godt og utviklande fag- og arbeidsmiljø
  • Eit unikt høve til å ta del i ein utviklingsorientert organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Hyggeleg arbeidsmiljø med tverrfagleg samarbeid internt og eksternt 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksitid, overtidsbetaling og gode velferdsordningar, som til dømes støtteordning for trening

Kontaktpersoner

Asle Tveiterås
Telefonnummer: 992 40 660

Hvem er Statsbygg?

Statsbygg gir råd til staten i bygge- og eiendomssaker, er eiendomsutvikler og blant Norges største byggherrer og eiendomsforvaltere. Våre 880 engasjerte og dyktige medarbeidere bidrar til at vi leverer bygg med mening i hele Norge og i over femti andre land. Statsbygg omsetter for omlag 11,7 mrd. kroner, hadde et investeringsnivå i 2018 på 6,8 mrd. kroner og har en eiendomsportefølje på 2,9 millioner kvm til en verdi av ca. 48 mrd. kroner. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver innen mange fagområder og søker medarbeidere som vil gjøre oss enda bedre!

Les mer om Statsbygg og se flere ledige stillinger