Er du vår nye byggesaksbehandlar?

Byggesaksbehandlar

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 05. april, 2019. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Kort om stillinga

Vang kommune har ledig engasjement i 100% stilling som avdelingsingeniør for byggesaksbehandling. Stillinga er knytt til landbruk og teknisk etat og det er moglegheit for fast tilsetting. Vi søkjer deg som vil vera med å utvikle eit godt fagmiljø med interessante arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg arbeidsmiljø. Som byggesaksbehandlar vil du samarbeide med politikarar, næringsliv og innbyggarar.

Arbeidsoppgåver

  • Behandle søknader etter plan- og bygningslova - både politisk og delegert saksbehandling
  • Behandle søknad om utsleppsløyve etter forureiningslova
  • Førebu og leggje fram saker for politiske utval
  • Informere, rettleie og gi bistand i byggesaker
  • Tilsyn og oppfølging av ulovlege tiltak
  • Føring av bygningsinformasjon i kart og matrikkel
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga ved behov
  • For rette vedkomande kan 20% stilling som beredskapskoordinator bli lagt inn i stillinga

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule
  • Relevant erfaring frå fagområdet kan vega opp for manglande formal kompetanse
  • God kjennskap til lov- og avtaleverk for byggesaksbehandling
  • Generell byggteknisk kunnskap som grunnlag for utøving av kommunal saksbehandling
  • Gode datakunnskapar
  • Personleg eignaheit

Vi søkjer deg som

  • Likar å ta utfordringar
  • Har interesse for byggeskikk og estetikk
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Er fleksibel og kan takle ein krevjande arbeidskvardag
  • Kan handtere interessekonflikter som kan oppstå i samband med arbeidet
  • Er engasjert, ansvarsbevisst og serviceorientert

Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, løn etter avtale, gode forsikrings- og pensjonsvilkår, fleksibel arbeidstid og hjelp til å skaffe bustad. Vang kommune har nynorsk som målform. Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. Vedkomande må ha sertifikat og stille bil til disposisjon. Bilgodtgjersle etter statens reiseregulativ.

Søknad merka arkivsak nr. 19/38 blir å sende elektronisk via heimesida vår www.vang.kommune.no 

Kontaktpersoner

Terje Hålien
Etatsleiar

Hvem er Vang kommune?

Kommunen ligg øvst i Valdres, i svært naturskjønne omgjevnader og med rike moglegheiter for friluftsliv vinter som sommar. Kommunen har omfattande kulturliv, og full barnehagedekning. Her i Vang kan du leve eit godt liv!

Besøk gjerne www.vang.kommune.no og www.vangivaldres.no for bilete og fakta om kommunen.