Er du motivert for å gjera ein forskjell i verdas beste herad?

Leiar for bygg og eigedomsavdelinga

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 13. februar, 2019. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Er du interessert i å jobbe der det skjer?

Trivst du med mange ballar i lufta?

Likar du å jobbe saman med dyktige fagfolk?

Har du ingeniørfagleg eller annan relevant høgare utdanning?

Då har Voss kommune jobben for deg!

Bygg og eigedomsavdelinga har arbeid innanfor drift og vedlikehald av kommunale bygg, grøntareal/friområde, sentrumsområde og idrettsanlegg. Kommunal bygningsmasse omfattar skular, barnehagar, institusjonar, bustader, idrettshall samt tinghus og kulturhus. Avdelinga har om lag 45 tilsette. Årleg netto driftsbudsjett er på om lag 70 mill. kroner. I tillegg kjem investeringar i opprusting og nyanlegg med om lag 80 mill årleg i gjennomsnitt.

Me tilbyr

  • Ein trygg og god arbeidsstad med spennande oppgåver
  • Ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for fagleg og personleg utvikling
  • Høve til å påverka eigen arbeidskvardag
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell
  • Ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkår
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass

Hovudarbeidsoppgåver

  • Leiing og driftsansvar for avdelinga med rapportering til kommunalsjef tekniske tenester
  • Administrativ og politisk sakshandsaming
  • Oppfyljing av forskrifter og krav
  • Ansvar for drift, vedlikehald, nybygging, oppgradering og utbetring av kommunale bygg og anlegg

Me ynskjer at du har

  • Høgare utdanning som sivilingeniør, ingeniør eller liknande
  • Leiarerfaring frå offentleg sektor, byggjebransjen, eller andre bransjar knytt til bygg og eigedom
  • Relevant praksis
  • Kjennskap til kommunal forvaltning
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Gode evner og haldningar knytt til leiing, samarbeid og deling av kunnskap
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Resultatorientert
  • Serviceinnstilt og engasjert
  • Initiativrik og stå på-vilje

Søknad

Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Alle medarbeidarar vert tilsett i Voss kommune og ikkje på den einskilde arbeidsstad. Søkjarar må kunna snakka norsk og skriva nynorsk.

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova §25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Kontaktpersoner

Bjørg Nesheim
Økonomi og personal rådgjevar
Telefonnummer: 56 52 32 73 / 97997154
Torbjørg Austrud
kommunalsjef tekniske tenester

Hvem er Voss kommune?

Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på!

Kommunen har om lag 14.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss kommune er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1250 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.