Enivest søkjer trainee - Frontendutviklar

Frontendutviklar

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 01. mars, 2020. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Bli trainee 

Framtidsfylket Trainee er eit fylkesdekkjande traineeprogram for nyutdanna med arbeidsgjevarar frå ulike fagfelt i privat og offentleg sektor. Kva bedrifter som deltek i programmet varierer frå år til år.

Som trainee er du tilsett i ei bedrift i fylket. Denne jobben er basert på ei kontrakt mellom deg og bedrifta, og er elles uavhengig av traineeordninga. I bedrifta har du også ein mentor som skal følgje deg opp.

Fire gongar i løpet av traineeåret deltar du på faglege fellessamlinger – kvar gong på ein ny plass i fylket. Her møtest alle traineeane i dei ulike bedriftene. På samlingane har vi fokus på erfaringsutveksling frå jobbkvardagen, teambygging og andre tema som er nyttige når ein er ny i jobben. Eigenutvikling er ein sentral del av det å vere trainee. I tillegg legg vi vekt på at traineeane skal bli kjende med næringslivet i Sogn og Fjordane, samtidig som det sosiale og friluftsaktivitetar er ein viktig del av samlingane.

Vi legg òg opp til ein studietur til utlandet i april/mai. Dei siste fire åra har turen gått til Brussel for å studere relasjonar mellom Sogn og Fjordane og EU.

Blir du trainee hos oss, vil du ta del i Framtidsfylket sitt traineeprogram fra august 2020 til august 2021. 

Kva kan vi gje deg som Trainee i Enivest?

Vi kan gje deg ein spennande start på karrieren di i eit innovativt og lærerikt miljø. Du får eigen mentor som syter for di faglege og personlege utvikling. Vi kan gi deg konkurransedyktig løn og moglegheit for fast tilsetting.

Kven er du?

Du er ein engasjert og framsynt person som ønskjer å gjere ein forskjell, og som på sikt kan bli ein god leiar. Du har sterk interesse for teknologi, er kreativ og initiativrik. Du kan jobbe sjølvstendig, men også i team og på tvers av fagmiljøa. Du har høg arbeidskapasitet og ønskjer å bidra positivt til vårt gode arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver:

  • Utvikling og vedlikehald av Enivest sitt kundesystem, nettside og eksterne portalar for kundar og samarbeidspartnarar
  • Delta aktivt i Enivest sitt interne utviklingsarbeid
  • Utforske og bidra til at Enivest sitt utviklingsteam held seg oppdatert på ny teknologi

Kvalifikasjonar:

  • Du har bachelor eller mastergrad innan systemutvikling, UX/UI design eller tilsvarande.
  • Du kan UX og UI design, Javascript, React, NodeJS, webpack og SCSS
  • Du har kjennskap til Apputvikling (Android og IOS), backend (PHP og MySql) og versjonshandtering med GIT
  • God teknologiforståing og interesse
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne

Som Framtidsfylket Trainee får du

Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane

  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Tilsetting: August 2020 til august 2021.

NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registrere deg her.

Kontaktpersoner

Jan Roger Myklebust
Mobil: 906 03 339

Hvem er Framtidsfylket?

Enivest er det største IKT-selskapet heimehøyrande i Sogn og Fjordane.

Vi tilbyr framtidsretta internettløysingar på ulike teknologiplattformar der fiber og fiberbasert breiband er det sterkaste vekstområde. Enivest arbeider aktivt med integrasjon av ulike tenester i nettet og er GET partnar på distribusjon av TV. Våre hovudprodukt er internett, datakommunikasjon, TV, video og telefonitenester. Selskapet har i dag 51 tilsette med hovudkontor på Øyrane i Førde og er i stadig vekst og utvikling. Sjå meir informasjon på våre nettsider