Einingsleiar teknisk drift

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 29. november, 2017. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Eining for teknisk drift har ansvar for drift, vedlikehald og forvalting av kommunaltekniske anlegg, bygg og eigedomar. Einingsleiar rapporterer til rådmannen og er i rådmannen si leiargruppe. Eininga består utover einingsleiar av ein avdelingsingeniør, fagarbeidarar og vaktmeistrar, reinhaldarar og tilsette i deltidsbrannvesenet. Kommunen har dei siste åra gjennomført store utbyggingsprosjekt i vass- og avlaupssektoren. Dette arbeidet vil halde fram.

100% stilling

2. gangs utlysning

 

Arbeidsområde:

  • økonomi-, personal- og fagansvar for eininga
  • utvikling av personalet og kvaliteten på tenestene
  • saksførebuing til politisk nivå innan eininga sine ansvarsområde
  • arbeid med aktuelle prosjekt innan fagområdet
  • vere kommunen sin beredskapskoordinator
  • vere kommunen sin kontaktperson mellom lokalt brannvesen og Vest-Telemark brannvesen
  • arbeide aktivt for eit godt tverrfagleg samarbeid i kommunen

 

Kvalifikasjonskrav/ynske:

  • relevant ingeniørutdanning, gjerne v/a-relatert
  • leiarerfaring
  • relevant fag- og arbeidserfaring
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • god skriftleg framstillingsevne, der nynorsk er arbeidsspråket
  • evne til nytenking

 

Nissedal kommune tilbyr:

  • løn etter avtale
  • god pensjonsordning i KLP
  • flyttegodtgjering etter eige regulativ
  • eventuell hjelp til å skaffe bustad
  • noko overlapping/kontakt med førre einingsleiar

 

 

Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.

 

Kontaktpersoner

Sverre Sæter
rådmann
Telefonnummer: 35 04 84 02
Mobil: 993 40 862