Eiendomssjef

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 25. mai, 2021. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

I Eigedomsavdelinga i Statsbygg er det ledig stilling som eigedomssjef. Eigedomssjefen tek hand om eigaransvar for eigedomar innanfor eigen portefølje. Dette inneber totalansvar for kundane i porteføljen. Det er for tida behov for eigedomssjef med ansvar for eigedomar i Justissektor. Eigedomssjefen skal bidra til overordna strategiar, utvikling og forvalting av eigen eigedomsportefølje og bidra til felles mål for avdelinga. Justissektor har eigaransvar for fengsel, politieigedomar, domstolar, asylmottak, Norges Brannskole og Justismuseet. Stillinga rapporterer til sektordirektør Justis.

Arbeidsoppgaver

  • Ha ansvar for dialog med kundar (brukarar, direktorat og departement) i eigen portefølje og gjennomføring av kundemøte
  • Ha innsikt i kunden sine behov
  • Inngå, følge opp og reforhandle leigekontraktar og tilleggskontraktar
  • Ta ansvar som eigar andsynes offentlege styresmakter for alle lov- og forskriftskrav
  • Prioritere vedlikehald innanfor eigen portefølje
  • Utvikling av kvar einskild eigedom i samarbeid med dei som tek avgjerda internt og eksternt, medrekna å ta vare på potensialet til eigedomen og fremje forslag til kjøp og sal
  • Ta del i kontraktmessige og kundespesifikke forhold i byggeprosjektaEigedomssjefen skal også:
  • Bidra til utvikling av sektorkompetanse og kundeinnsikt innan eigen sektor
  • Ha ansvar for husleigeprosessen i eigen portefølje
  • Sikre god kommunikasjon og ha godt samarbeid med drifts- og vedlikehaldsavdelinga for eigne eigedomar

Ønskede kvalifikasjoner

  • Utdanning på masternivå innan juss, eigedomsutvikling og -forvaltning , og ingeniørfag
  • Minimum 5 års relevant erfaring 
  • Erfaring frå eigedomsforvalting 
  • Erfaring frå kundedialog og kundeoppfølging 
  • Erfaring frå kontraktarbeid 
  • God muntlig og skriftlig fremstillingsevne på norsk
  • Det kan bli aktuelt å gjennomføre tryggleiksklarering på nivå Konfidensielt 
  • Før tilsetting i stillinga kan det bli naudsynt å legge fram uttømmande og utvida politiattest 

Personlige egenskaper

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til å skape relasjonar med kundar og samarbeidspartnarar
  • Forstår strategiane og prioriteringane i verksemda, og bruker kunnskapen for å oppnå mål
  • Evne til å arbeide strategisk, planmessig og strukturert

Vi tilbyr

  • Hyggeleg arbeidsmiljø, overtidsbetaling, god pensjons- og forsikringsordning, fleksitid og støtteordningar for trening.
  • Lønn etter Statens lønnsregulativ frå kr 675 000,- til kr 800 000,- pr. år, avhengig av kvalifikasjonar. For søkjarar som er spesielt godt kvaliifiserte, kan ein vurdere høgare løn. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens Pensjonskasse.

Kontaktpersoner

Andrea V. S. Eljarbø
sektordirektør
Telefonnummer: 924 27 503

Hvem er Statsbygg?

Statsbygg gir råd til staten i bygge- og eiendomssaker, er eiendomsutvikler og blant Norges største byggherrer og eiendomsforvaltere. Våre 880 engasjerte og dyktige medarbeidere bidrar til at vi leverer bygg med mening i hele Norge og i over femti andre land. Statsbygg omsetter for omlag 11,7 mrd. kroner, hadde et investeringsnivå i 2018 på 6,8 mrd. kroner og har en eiendomsportefølje på 2,9 millioner kvm til en verdi av ca. 48 mrd. kroner. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver innen mange fagområder og søker medarbeidere som vil gjøre oss enda bedre!

Les mer om Statsbygg og se flere ledige stillinger