Driftsleiar/driftsteknikar

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Statsbygg har no ei ledig stilling som driftsleiar/driftsteknikar på sine eigedomar i Bergen og omland (Matre, Austevoll, Os). Stillinga vil inngå i eit team som består av 19 driftsleiarar/driftsteknikarar og reinhaldarar med kompetanse innanfor ulike fagområde, som alle rapporterer til underdirektør. Den som blir tilsett skal primært jobbe med driftstekniske oppgåver, for tida med arbeidsstad ved Havforskingsinstituttet avd. Matre og Austevoll.

Statsbygg strekkjer seg etter å ha eit godt og konstruktivt samarbeid med kundane, og god kundebehandling er derfor viktig i alle ledd i organisasjonen. Vi søkjer etter ein person som trivst med ein kombinasjon av administrativt og praktisk arbeid, med evne til omstilling mellom varierande arbeidsmiljø frå eigedom til eigedom. Personen må også trivast med utfordrande oppgåver og høgt tempo. Vi oppfordrar nyutdanna byggdriftarar til å søkje på stillinga.

Statsbygg er ein av dei største byggherrane og eigedomsforvaltarane i Noreg, og gir råd til staten i bygge- og eigedomssaker. Dei 880 engasjerte og dyktige medarbeidarane våre bygger og driftar formålsbygg (ca. 2,9 mill kvm) i heile Noreg og i over 50 andre land. Statsbygg, område vest har kontor i Bergen og har ansvar for Statsbygg sine eigedomar i Rogaland og Vestland fylke. Statsbygg har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av dei eigedomane som til kvar tid er ein del av porteføljen vår. Området har drifts- og vedlikehaldsansvar for ca. 500.000 m² bygningsmasse. Vi har ca. 65 tilsette ved kontoret og på eigedomane.

Arbeidsoppgaver

  • Stå for, systematisere og legge til rette for drift og verdibevarande vedlikehald av bygningar, tekniske anlegg og uteområde 
  • Kundebehandling, innkjøp etter forskrift om offentlege anskaffingar, administrasjon og fakturabehandling
  • Systematisering av dokumentasjon og rutinar i samsvar med internkontrollsystemet for eigedomen, medrekna utarbeiding av ROS-analysar
  • Aktivt medverke til at Statsbygg når dei måla som er sette innanfor dei ulike satsingsområda, for eksempel innanfor miljø, energi og universell utforming
  • Dagleg oppfølging av kundar og leverandørar
  • Systematisk innhenting av FDV-dokumentasjon ved endringsarbeid og oppdatering av DAK/teikningsfiler
  • Oppfølging av mindre byggeprosjekt/prosjektleiing
  • Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga, og oppgåver vil tilpassast erfaringsnivå

Ønskede kvalifikasjoner

  • Teknisk fagskole eller fagbrev, innanfor byggdrift, automasjon eller elektro
  • Gode ferdigheiter på bruk av IKT-utstyr og system som arbeidsverktøy er nødvendig
  • Førarkort klasse B
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, skriftleg og munnleg
  • Bygningsfagleg interesse og forståing for moderne drift og forvaltning av eigedom, inkludert kjennskap til byggeleiing og gjennomføring av prosjekt
  • Erfaring med SD-anlegg og bruk av databaserte FDV-verktøy er ønskeleg
  • Relevant praksis vil bli vektlagt
  • Før tilsetting i stillinga må du legge fram uttømmande politiattest som kan godkjennast av Kriminalomsorga, jf. straffegjennomføringslova §8,1

Personlige egenskaper

  • Oppteken av effektivitet og optimalisering
  • Målretta, systematisk, og løysingsorientert
  • Sjølvstendig, engasjert og avgjerdslojal
  • Nøyaktig og oppteken av kvalitet
  • Evne til å skape gode relasjonar og samarbeid internt og eksternt

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver i eit godt og utviklande fag- og arbeidsmiljø
  • Gode utsikter til fagleg og personleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom statens pensjonskasse
  • Stillinga blir lønt som driftsleiar/driftsteknikar etter Statens lønsregulativ, kr 430 000 - kr 550 000, avhengig av kvalifikasjonar. For innplassering som driftsleiar krevst det minimum fem års relevant erfaring. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.

Kontaktpersoner

Anne Frøyseth
underdirektør
Telefonnummer: 980 09 494

Hvem er Statsbygg?

Statsbygg gir råd til staten i bygge- og eiendomssaker, er eiendomsutvikler og blant Norges største byggherrer og eiendomsforvaltere. Våre 880 engasjerte og dyktige medarbeidere bidrar til at vi leverer bygg med mening i hele Norge og i over femti andre land. Statsbygg omsetter for omlag 11,7 mrd. kroner, hadde et investeringsnivå i 2018 på 6,8 mrd. kroner og har en eiendomsportefølje på 2,9 millioner kvm til en verdi av ca. 48 mrd. kroner. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver innen mange fagområder og søker medarbeidere som vil gjøre oss enda bedre!

Les mer om Statsbygg og se flere ledige stillinger