Driftsleiar IT

Stillingsbeskrivelse

Organisasjonsavdelinga

Ved organisasjonsavdelinga, IT-seksjonen, er det ledig 100% fast stilling som IT-driftsleiar. Seksjonen har f.t. 17 tilsette og to lærlingar. Driftsleiaren rapporterer til IT-sjef.

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit datasenter med om lag 250 virtuelle og fysiske serverar og IT-seksjonen drifter dei fylkeskommunale IT-tenestene. Dette er tenester for mellom anna e-post, webtenester, journalsystem, sak/arkiv-system, terminalserverar og plattform for samordna kommunikasjon. Vi har eit stort datanett for vidaregåande skole, tannhelse og sentraladministrasjon som IT-seksjonen har ansvar for.

Hovudoppgåva som IT-driftsleiar er knytt til driftsoppfølging, vidareutvikling, implementering og forvalting av tekniske driftsrutinar. Endringsstyring vil og vere sentralt innsatsområde.

Oppgåver og ansvar

  • Dialog med organisasjonen knytt til drift og utvikling av IT-tenestene
  • Dialog med eksterne leverandører og bistå i etablering av leverandøravtalar
  • Koordinering av tekniske driftsoppgåver
  • Koordinering av teknisk personell og aktiviteter i tekniske team
  • Kontaktpunkt ved større driftsforstyrringar
  • Saksutredning for nye IT-tjenester og videreutvikling av eksisterende IT-tjenester
  • Rådgivar for IT-sjef i strategiske og tekniske vegval
  • Oppfølging av lisensavtalar

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig relevant utdanning på høgskole/universitetsnivå
  • Erfaring frå leiing av høgt kvalifiserte fagpersoner
  • Relevant operativ og strategisk erfaring frå større IT-miljø
  • God evne til samhandling, samt god organisasjonsforståing
  • God serviceinnstilling og god til å rettleie
  • God skriftlig og munnleg framstilling på norsk

Vi tilbyr

  • Interessante utfordringar med gode høve til fagleg og personleg utvikling
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Introduksjonsprogram
  • Utfordrande oppgåver i eit aktivt arbeidsmiljø og med stor grad av sjølvstende
  • Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsordningar (medlemsskap i KLP)
  • Løn etter avtale 

Kontaktpersoner

Dagfinn Grønvik
IT-sjef
Telefonnummer: +47 71 28 01 49
Nils-Gunnar Solli
Organisasjonssjef
Telefonnummer: +47 71 28 01 60

Hvem er Møre og Romsdal Fylkeskommune?

Møre og Romsdal fylkeskommune løyser sentrale utviklings- og forvaltningsoppgåver i ein regional organisasjon - i nært samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar.

Vi skal vere ein god tenesteytar for innbyggjarane og ein tydeleg medspelar i utviklinga av fylket. Vårt samfunnsoppdrag byggjer på verdiane respekt, likeverd, medråderett, fellesskapsansvar og open organisasjon.