Driftsleiar / Bygningsingeniør

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 17. juni, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Tenesteområde plan og utvikling er organisert i to einingar, plan og forvaltning og drift og vedlikehald. Vi er totalt ca. 50 engasjerte medarbeidarar innanfor mange ulike fagområde. I personalgruppa inngår sivilingeniørar/ ingeniørar, naturforvaltar, samfunns- og naturgeografar, sivilagronom, jurist, fagarbeidarar, vaktmeistarar og reinhaldarar. Om lag 15 av oss har arbeidsstad i moderne kontorlokale i det nyleg renoverte Høyanger rådhus. 

Tenesteområdet har stor aktivitet med mange spanande prosjekt på gang og vil vere involvert i fleire utviklingsprosjekt dei næraste åra. Arbeidsmiljøet er godt og vi vektlegg å arbeide i samansette tverrfaglege team. Vi ynskjer å styrke kompetansenivået innan fagområdet bygg og vedlikehald av desse,og har ledig 100% stilling som driftsleiar/bygningsingeniør.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere å planlegge og følgje opp drift og vedlikehald av bygningsmassen til Høyanger kommune. Du vil bli tillagt personalansvar for ca 10 vaktmeistrar. Vi ynskjer at du tilrettelegg, systematiserar og leiar drift og vedlikehald av bygningar, tekniske anlegg og uteområder. Du vil også få ei viktig rolle i større investeringsprosjekt. 

Kvalifikasjonar:

Du er bygningsingeniør eller tilsvarande og kan dokumentere erfaring frå bygging, drift og vedlikehald av bygg samt har erfaring frå offentlege anskaffingar. Allsidig relevant praksis innan drift og vedlikehald av bygning og tekniske anlegg kan vege opp for manglande utdanning. Søkjarar må ha førarkort kl B. 

Du har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg. Kjennskap til sakshandsaming i offentleg sektor er ein føremon. 

Personlege eigenskapar:

Du er engasjert og motivert og er god på å planlegge både på kort og lang sikt. Du kan arbeide sjølvstendig og systematisk og har gode samarbeidsevner. 

Vi kan tilby:

Løn etter avtale samt gode pensjons- og forsikringsvilkår. Kommunen er hjelpsam med å skaffe kommunal bustad. 

Elektronisk søknad via vårt søknadssenter – merk søknad sak nr 18/ 349

Kontaktpersoner

Bjørn Berstad
Prosjektleiar
Olav Nordgulen
Leiar for drift og vedlikehald

Hvem er Høyanger kommune ?

Velkommen til Høyanger kommune! Vi kan tilby eit godt oppvekstmiljø, ei aktiv fritid med spanande aktivitetar og eit næringsliv i utvikling og vekst.

Som besøkjande eller som ny innbyggjar fins det truleg ein del spørsmål du ynskjer svar på. Nokon svar finn du på våre nettsider, men du er også hjartleg velkommen til å kontakte vårt sentralbord om du har ytterlagare spørsmål.

Les meir her