Driftsingeniør Bergen og omegn

Stillingsbeskrivelse

 Statsbygg har ei ledig stilling som driftsingeniør i Bergen og omland. Drift erorganisert i team, og arbeidsstad kan endrast, men pt. søker vi etter eistilling på Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad. Som eigar av eigedomarhar Statsbygg ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling. Den somblir tilsett, skal primært jobbe med driftstekniske oppgåver. Som eigar ogutleigar legg Statsbygg vinn på å ha eit godt og konstruktivt samarbeid medkundane. Derfor er god kundebehandling viktig i alle ledd i organisasjonen.Statsbygg, område vest har kontor i Bergen og har ansvar for Statsbygg sine eigedomar i Rogaland og Vestlandfylke. Statsbygg har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling avdei eigedomane som til kvar tid er ein del av porteføljen vår. Området hardrifts- og vedlikehaldsansvar for ca. 500.000 m² bygningsmasse. Vi har ca. 65tilsette ved kontoret og på eigedomane. Stillinga rapporterer til underdirektør.

Arbeidsoppgaver

  • Stå for, systematisere og legge til rette for drift og verdibevarande vedlikehald av bygningar, tekniske anlegg og uteområde
  • Fagleg leiing av driftseininga med hovudvekt på kundebehandling, innkjøp etter forskrift om offentlege anskaffingar, fordeling av arbeidsoppgåver, administrasjon og fakturabehandling
  • Systematisering av dokumentasjon og rutinar i samsvar med internkontrollsystemet for eigedomen, medrekna utarbeiding av ROS-analysar
  • Aktivt bidra til at Statsbygg når dei måla som er sette innanfor dei ulike satsingsområda, for eksempel innanfor miljø, energi og universell utforming
  • Dagleg oppfølging av brukarane av eigedomane 
  • Systematisk innhenting av FDV-dokumentasjon ved endringsarbeid og oppdatering av DAK/teikningsfiler
  • Drift av teknisk anlegg ved hjelp av SD-anlegg
  • Verdibevarande vedlikehald og drift av bygningsmassen
  • Oppfølging av mindre byggeprosjekt/prosjektleiing
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Ønskede kvalifikasjoner

  • Ingeniørutdanning på bachelornivå fortrinnsvis i byggfag
  • Relevant erfaring innanfor drift og vedlikehald av bygningar og tekniske anlegg inkludert bruk av dataverktøy. 
  • Erfaring frå kunderetta verksemd og innkjøp er ønskeleg
  • Erfaring frå arbeidsleiing er ønskeleg
  • Bygningsfagleg interesse og forståing for moderne drift og forvaltning av eigedom, inkludert kjennskap til byggeleiing og gjennomføring av prosjekt
  • Gode ferdigheiter på bruk av IKT-utstyr og system er nødvendig, og erfaring med SD-anlegg og bruk av databaserte FDV-verktøy er ønskeleg
  • Førarkort klasse B 
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, skriftleg og munnleg

Personlige egenskaper

  • Trivst med utfordrande oppgåver og høgt tempo
  • Opptatt av effektivitet, optimalisering og gjennomføring
  • Målretta, systematisk, og løysingsorientert
  • Sjølvstendig, engasjert og avgjerdslojal
  • Evne til å skape gode relasjonar og samarbeid internt og eksternt

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver i eit  tverrfagleg miljø
  • Gode utsikter for faglig og personlig utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse
  • Stillinga blir lønt i stillingskode 1087 overingeniør frå kr. 520 000,- til Kr. 650 000,- avhengig av kvalifikasjoner. For spesielt godt kvalifiserte søkarar kan ein vurdere høgare løn. Frå bruttoløna blir det trekt 2 % innskot til Statens Pensjonskasse

Kontaktpersoner

Asle Tveiterås
underdirektør
Telefonnummer: 992 40 660

Hvem er Statsbygg?

Statsbygg er en av Norges største byggherrer og eiendomsforvaltere, og gir råd til staten i bygge- og eiendomssaker. På vegne av staten leder vi noen av landets største og mest komplekse byggeprosjekter og tar vare på noen av våre aller viktigste eiendommer. Statsbygg skal tenke og handle langsiktig, og derfor har vi satt oss ambisiøse mål. Vi skal være en virksomhet som ser dagens og framtidens behov hos de som bruker bygningene våre, og vi satser spesielt på bærekraft, seriøsitet og innovasjon.

Les mer om Statsbygg og se flere ledige stillinger