Dagleg leiar

Stillingsbeskrivelse

 

Noverande dagleg leiar ønskjer å gå attende til fagleg arbeid. I samband med dette søkjer vi ny dagleg leiar. Dette kan vera sivilarkitekt med god, allsidig og relevant erfaring frå tilsvarande verksemd og med kompetanse og røynsle innan organisasjon og leiaransvar. Personar med anna relevant utdanning og erfaring, vil også vera av interesse.  

Det vert lagt vekt på at dagleg leiar har høg grad av profesjonalitet, forstår marknaden ABO arbeider i, har røynsle med økonomistyring og personalleiing, er god til å leia endrings‐ og utviklingsprosessar, har gjennomføringskraft og er ein god strateg med eit stort nettverk og evne til å profilere ABO.  

Dagleg leiar vil leia kontoret, men samstundes har støtte av ei leiargruppe som er samansett av dagleg leiar på Stord og leiarar for arkitektur‐ og planavdelinga i Os.

ABO har kontor i Os med lyse og trivelige lokale i sjøkanten med panoramautsikt mot Bjørnafjorden.

Vi har eit godt, sosialt og profesjonelt arbeidsmiljø der våre verdiar;  «samspel, respekt og gjennomføringsevne» ligg til grunn. På ABO har arbeidsdagen også rom for leik, skråblikk og humor.

 

Søknad med CV sendes til arne@abo‐ark.no, eller Postboks 291, 5203 OS

Søknadsfrist 11. desember 2017. 

Kontaktpersoner

Alice Bigom
Avdelingsleder arkitektur
E-postadresse: alice@abo-ark.no
Arne Kristian Kolstad
Daglig leder
E-postadresse: arne@abo-ark.no

Hvem er ABO Plan & Arkitektur AS?

ABO Plan & Arkitektur AS har eit tverrfagleg team på til saman 42 personar med ulik erfaringsbakgrunn og alderssamansetnad. Kontoret sin kompetanse er primært innan fagområda arealplan og arkitektur. Plangruppa har lang erfaring med jobbar for private og offentlege oppdragsgjevarar, og dekker etter kvart dei fleste fagområde innanfor areal‐ VVA‐ og samfunnsplanlegging. Arkitektavdelinga har mellom anna barnehagar,skuler, kyrkjebygg, bustadar og næringsbygg, rehabiliteringsprosjekt og byutviklingsprosjekt på merittlista.

ABO på Os vart stifta i november 1986. Medviten satsing på ulike typar oppgåver har vore ein føresetnad for brei kompetansebygging over tid. I august 2016 vart dotterselskap ABO Plan & Arkitektur Stord AS stifta og utvida med oppkjøp av Plan Vest AS.  ABO er i dag eit av dei største plan‐ og arkitektmiljøa på Vestlandet og dekkjer fagområda arkitektur, landskapsarkitektur, byplanlegging, veg, VA,  geologi,  geografi, miljø, arealplanlegging,  IT og bygningsadministrasjon.

Kontoret er i rask vekst og vi har store, spennande og framtidsretta oppgåver framføre oss