Controller

Controller sekretariat Bymiljøpakken

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 16. februar, 2020. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Controller i sekretariat for Bymiljøpakken

Vil du bli med å utvikle byområdet på Nord-Jæren?

Bymiljøpakken er den største satsinga nokon gong på samferdsle og byutvikling på Nord-Jæren. Dei neste 15 åra skal vi byggje ein meir miljøvenleg region og investere for over 30 milliardar kroner i infrastruktur på Nord-Jæren.

Ved sekretariatet i Bymiljøpakken er det ledig ei fast 100 prosent stilling som controller.

Vi søkjer deg som ønskjer å utvikle controllerstillinga som ein ressurs for alle partane. Du har god forståing for offentleg forvaltning generelt og økonomiske verkemidlar spesielt, og god kjennskap til regelverket her. Du likar å analysere og formidle økonomi på ein lettfatteleg måte overfor dei ulike partane, både skriftleg og munnleg.

Controlleren er den del av eit sekretariat på fire personar som rapporterer til styringsgruppa for Bymiljøpakken. Styringsgruppa er sett saman av fylkesordførar i Rogaland, dei fire ordførarane på Nord-Jæren, Jernbanedirektoratet og Statens vegvesen. Fylkesmannen deltar som observatør. Vegdirektøren leiar styringsgruppa.

Den som får stillinga blir tilsett i Statens vegvesen. Leiar i sekretariatet har den daglege styring og oppfølginga. 

Den viktigaste oppgåva er å utarbeide grunnlag for investeringar i Bymiljøpakken. Det blir gjort gjennom årlege rulleringar av fireårige handlingsprogram, basert på bompengar og midlar frå staten og fylkeskommunen. Aktuelle kandidatar må ha god kunnskap i, og erfaring frå, økonomi- og talbehandling, og meistre Excel godt. 

Controlleren har ei viktig rolle med å hente inn og formidle faktagrunnlag om inntekter og framdrift på tiltak i Bymiljøpakken.

Kontorstad er Stavanger.

Arbeidsoppgåver
  • Følgje opp og rapportere på kostnader og inntekter i Bymiljøpakken
  • Følgje opp finansielle midlar i Bymiljøpakken
  • Delta i arbeidet med å utarbeide årlege handlingsprogram for alle aktivitetane i Bymiljøpakken
  • Sikre at partane får innsyn og oversikt over disponeringar i Bymiljøpakken
  • Utarbeide økonomiske analysar, som likviditetsanalysar og anna talgrunnlag, for handlingsprogram og budsjett. Ha ei viktig rolle med innsamling og formidling av faktagrunnlag til ei rekkje formål
  • Framstille og visualisere økonomiske data som grunnlag for mål og resultatstyring (porteføljestyring)

 

Kvalifikasjonskrav
  • Høgare økonomisk utdanning, siviløkonom/master eller tilsvarande. Lang relevant erfaring kan erstatte formell kompetanse
  • Ønskjeleg med relevant erfaring med økonomisk analyse og erfaring frå å leie og gjennomføre prosessar
  • Erfaring med vanlege digitale verktøy, spesielt regneark

 

I tillegg til kvalifikasjonskrava vil vi vektlegge:

  • Evne til å jobbe strukturert, målretta og sjølvstendi
  • Evne til å gjere om komplekse problemstillingar og sjå løysingar
  • Engasjement og ansvar
  • Gode samarbeidsevne
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Erfaring og kjennskap til transportfaglege oppgåver og politiske prosessar er ein fordel

 

Stort engasjement og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg.

Vi tilbyr deg også desse fordelane:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Høve til fagleg påfyll
  • Flotte nye kontorlokaler i Stavanger sentrum

 

Løna di blir avtalt i samsvar med vår lønspolitikk.

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet.  Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Vi gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering.

Vi gjer (òg) merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil (eventuelt?) bli varsla om dette.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

For nærmare informasjon om stillinga kan du kontakte avdelingsdirektør for Transport Vest Tone Oppedal på mobil 950 46 056 / epost tone.oppedal@vegvesen.no

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesens vil lede an i utviklingen av et effektivt, sikkert og helhetlig transportsystem tilpasset morgendagens behov og teknologi. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på vei og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet smarte, trygge og miljøriktige transportvalg.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger