Citrix systemspesialist

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

IT-seksjonen driftar og forvaltar IT-infrastrukturen og IT-systemporteføljen i Forsvarsbygg. IT-seksjonen er delt inn i IT-plan, IT-drift og IT-systemforvaltning. Citrix Systemspesialist inngår i IT-driftsteamet. 

Den tekniske IT-infrastrukturen og plattformene som ber den samla produksjonen til etaten, krev sikker, stabil drift og kontinuerleg modernisering. 

Citrix Systemspesialist IT-drift har ansvar for drift og vidareutvikling av Citrix-plattformer og er bidragsytar ved design og implementering av nye løysingar. Vi ser etter ein person med høgare utdanning innan relevante fagområde som søkjer faglege utfordringar og sjølvstendig ansvar, og som likar å samarbeide. Vi treng deg som har god kjennskap til tryggingsgraderte plattformer, miljø med høge oppetidskrav og redundans. Stillinga rapporterer til temaleiar IT-drift. 

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på våre karrieresider www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgåver

  • Citrix Systemspesialist IT-drift skal arbeide med mellom anna desse oppgåvene:
  • Drift og vidareutvikling av Citrix-plattformer på ugradert og gradert plattform under dette feilsøking og feilretting 2.-3. linje og oppgraderingsløp.
  • Delta i prosjekt med design og implementering av nye løysingar, komponentar og plattformer.
  • Andre oppgåver som naturleg høyrer inn under fagområdet, eller som av omsyn til ressursdisponering er naudsynt å gjennomføre.

Kvalifikasjonar

  • Relevant universitets- eller høgskoleutdanning. Dokumentert lang relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning
  • Må ha erfaring frå bruk av Citrix XenServer
  • Må ha erfaring frå bruk av Citrix Provisioning Services
  • Bør ha kjennskap/erfaring frå bruk av Citrix App layering
  • Bør ha erfaring frå bruk av Citrix Netscaler
  • Citrix-sertifiseringar og andre sertifiseringar innan infrastrukturløysingar og teknologiar er ein fordel
  • Breiddekunnskap om IT-infrastruktur og IT-tryggleik
  • God kjennskap til ITIL (Information Technology Infrastructure Library) Det er ein fordel med erfaring frå drift av tryggingsgraderte plattformer
  • Det er viktig med erfaring frå utforming og vedlikehald av dokumentasjon
  • Stillinga krev tryggingsklarering for nivå Hemmeleg og NATO Secret.

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og nøyaktig
  • Sjølvstendig og ansvarsmedviten
  • Løysingsorientert og effektiv
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Løn som senioringeniør (1181) avhengig av kvalifikasjonar frå ltr. 63 kr. 555.700 opp til ltr. 75 kr. 695.500. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode høve for fagleg og personleg utvikling
  • Sommar- og vintertid
  • Utfordrande jobb i ein dynamisk organisasjon
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse og såleis god forsikrings- og pensjonsordning
  • Gode velferdsordningar

Andre opplysningar

Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

Kontaktpersoner

Tord Håkstad
Leder IT drift
Telefonnummer: 90169090

Hvem er Forsvarsbygg?

Forsvarsbygg er et statlig forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utvikler, bygger, drifter og avhender eiendom for forsvarssektoren. 

I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre deler av offentlig sektor innenfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eiendomsporteføljen vi forvalter, inneholder mange av de mest særegne og krevende bygg i landet: fra de 15 festningene som er tilgjengelige for allmenheten, til militærleirer, skyte- og øvingsfelt og flystasjoner for Forsvaret. Vi har hovedkontor i Oslo med lokasjoner over hele landet, deriblant Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.

Forsvarsbygg har som målsetting at vårt arbeidsmiljø skal preges av tverrfaglighet, mangfold og likestilling. Vi ønsker derfor en virksomhet hvor ansattes alder, kjønn og etnisitet er balansert. Vi ønsker å knytte til oss nye medarbeidere som kan påvirke bedriftskulturen positivt gjennom sin personlige og faglige kompetanse.

Les mer om Forsvarsbygg og se flere ledige stillinger