Bygningssjef

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 26. januar, 2020. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Spennande leiarstilling ved Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen! 

Vi søkjer ein erfaren og strategisk leiar som ønskjer å bidra til ei best mogleg forvalting og utvikling av Helse Bergen sin eigedomsmasse. Du får her moglegheit til å kombinere høg fagleg kompleksitet i ein verdifull samanheng.

Teknisk avdeling forvaltar Helse Bergens eigedomsmasse saman med og dei allmenntekniske anlegga. I tillegg til bygningsmessig drift og vedlikehald, har avdelinga også ansvar for sjukehusets tekniske infrastruktur og uteområde. Avdelinga har også drifts- og vedlikehaldsoppgåver i forhold til ein rekkje avdelingsvise produksjonsutstyr, og avdelinga yter også ulike former for service som ikkje direkte høyrer under drift- og vedlikehald av bygning eller utstyr.

Teknisk avdeling si leiing er lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Dei ansatte er i hovedsak lokalisert på Haukeland, men ca 25 av avdelingas tilsette er lokalisert ved Sandviken, Voss og Hagavik sjukehus. Bygningsmassen i Helse Bergen er på om lag 450.000 m2.

Haukeland universitetssjukehus skal ha miljøbevisste medarbeidarar og vi skal arbeida for å redusere utslipp av miljøskadelege stoff til jord, luft og vatn. Vi skal også arbeide for å redusere miljø- og klimapåverknaden gjennom gode anskaffelsesprosessar og vi skal bidra til å redusere forbruket av naturressursane.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide for ein best mogleg forvalting og utvikling av Helse Bergen sin eigedomsmasse
  • Utarbeide, implementere og følgje opp forvaltings- og vedlikehaldsplanar 
  • Plan-, budsjett- og resultatansvar innanfor eigen eining
  • Etablere, i samarbeid med teknisk sjef og controllar, rutinar og dokumentasjon for Helse Bergen sin deltaking i Norsk Nettverk for Næringseigedom 
  • Innkjøp og oppfølging av tenester knytt til drift, vedlikehald og rehabilitering  
  • Ved behov, delta i prosjekt saman med andre einingar i Teknisk avdeling og/eller i Helse Bergen
  • Støtte fagmiljøet i Teknisk avdeling knytt til drift og vedlikehald
  • Leiarstøtte og personalansvar må påreknast 
  • Bygningssjefen rapporterer til teknisk sjef og inngår i avdelinga si leiargruppe

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter ein medarbeidar med byggfagleg utdanning på høgskule-/universitetsnivå (sivilingeniør) og helst med erfaring innan FDV av eigedomar
  • Velkvalifiserte høgskuleingeniørar vil og verte vurdert
  • Omfattande og dokumentert leiarerfaring og oppnådde resultat som leiar kan kompensere for formalkrav knytt til utdanning
  • Søkjar må ha god kjennskap til og erfaring i bruk av moderne IT-verktøy
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Prosjekterfaring kan vere ein føremon
  • Erfaring med personalansvar kan vere eit føremon

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet 
  • Du har strategiske eigenskapar som bidrar til å styrkje og vidareutvikle avdelinga som ein serviceinnstilt og effektiv tenesteytar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med kollegaer og andre samarbeidspartnarar

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Personalbarnehage
  • Introduksjonskurs

Kontaktpersoner

Sjur Brandtun
Avdelingssjef Teknisk avdeling
Mobil: 952 73 062

Hvem er Helse Bergen?

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Kvart år behandlar vi nesten 600.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les mer på www.helse-bergen.no.