Bygningsingeniør

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 13. juni, 2019. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Teknisk sektor har ansvaret for samferdsel, vatn, avløp, renovasjon, kommunale eigedommar, brannvern, byggesaksbehandling, kart og oppmåling samt plan og miljø.

Arbeidsområde:

  • Tilsynsleiar for fem kommunar i Nord-Gudbrandsdal
  • Gjennomføre tilsyn etter kap. 25 i Plan- og bygningsloven
  • Behandle byggesøknader, søknader om frådeling og utsleppsløyve for mindre avlaupsanlegg
  • Rettleie publikum om lovverk og kommunale planar
  • Andre oppgåver ved avdelinga kan bli lagt til stillinga.

Vi søker etter ein person med:

  • interesse, kunnskap og erfaring frå arbeid med Plan og bygningslova og/eller bygge- og anleggsbransjen
  • gode kommunikasjonsevner (skriftleg og munnleg)
  • ønskje om å oppnå resultat gjennom sjølvstendig arbeid og saman med andre
  • utdanning på høgskule/fagskulenivå eller med anna relevant utdanning og/eller praksis.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetjing.

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler. Tenestestad vil vere Vågå kommune.

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Kontaktpersoner

Pål Inge Sanden

Hvem er Vågå kommune?

Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå har eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv. Nasjonalparkane gjev moglegheit for store naturopplevingar, som til dømes jakt og fiske.