Byggjeleiar innan forvaltning, drift og vedlikehald av bruer

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 05. august, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som byggeleiar ved vegseksjon Bergensområdet. Kontorstad Bergen og arbeidsområde vil vere heile heile fylket.

Seksjonen løyser store og små investeringsprosjekt, samt drifter og vedlikeheld  riks- og fylkesvegane i Bergen og sju andre kommunar. Vi er i dag om lag 60 tilsette og har kontorstad i Bergen sentrum.

Byggeleiarstillinga inngår i byggherrepoolen i Region vest, og arbeidsoppgåvene vil vere innan fagområdet forvaltning, drift og vedlikehald retta mot konstruksjonar som bruer og ferjekaier. 

Vi ynskjer søkjarar med betongfagleg kompetanse og med kjennskap til ordinær drift av vegnettet, men nyutdanna vil også bli vurderte.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for utarbeiding av tilbodsdokument åleine eller i samarbeid med andre
  • Leia den kvalitetsmessige, kontrakts-/ avtalemessige, økonomiske og tekniske kontroll av entreprenørens arbeid
  • Rapportera om kvalitet, framdrift og økonomi til prosjektleiar
  • Ansvar for byggemøte og referat
  • Utføring av inspeksjonar av konstruksjonane i fylket
  • Utøve forsvarlig forvaltning etter gjeldane rutinar.
  • Bidra til å nå etaten sine mål innan HMS/ HMS-koordinator i byggefasen
  • Ansvar for den daglege kontakt med alle offentlege etatar, grunneigarar og andre som blir råka av anleggsarbeida
  • Andre oppgåver innanfor byggjeleiing og teknisk kontroll

Du må rekna med noko reiseverksemd, samt kvelds- og nattarbeid i periodar.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, innan relevant fagkrins
  • Stillingane set krav til mobilitet, og vi krev førarkort for bil (klasse B)
  • Du må ha god framstillingsevne på norsk, både skriftleg og munnleg

For søkjarar med 2-årig teknisk fagskule samt sterk og allsidig relevant erfaring frå det aktuelle fagområde kan kravet til utdanning fråvikas.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetning av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi vektlegg

  • Evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig
  • Relevante fagbrev som tillegg til høgare utdanning
  • Praktiske og løysningorienterte tilnærmingar og vurderingar
  • Erfaring frå liknande arbeidsoppgåver og kjennskap til kontraktsarbeid
  • Ryddig, strukturert og med god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode samarbeidsevne

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll
  • Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Generell informasjon

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord,  sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersoner

Arild Hegrenæs
Seksjonsleiar
Telefonnummer: (+47) 55 51 62 27

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger