Byggesakshandsamar - utviklingsavdelinga

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 01. september, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Beskrivelse avdeling

Som medarbeidar i Utviklingsavdelinga til Ål kommune blir du ein del av det tverrfaglege miljøet med byggesak, plan, oppmåling, landbruk, kart, næringsutvikling og folkehelse på Tingstugu. 

Me ynskjer oss primært ein kollega med høgare utdanning innan byggfag, men andre med erfaring og kjennskap til plan- og bygningslova kan også søkje.

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva blir handsaming av søknadar etter plan- og bygningslova; utslepp,- deling- og byggesøknader, som inneber politisk delegerte vedtak og saksframlegg. Rettleiing og kontakt med kundar opptek og mykje av arbeidstida. Andre oppgåver kan vere aktuelle.

Kvalifikasjonar

Me ynskjer at du har:

  • Utdanning på høgskule/universitetsnivå innan fagområdet
  • Relevant erfaring frå offentleg forvaltning
  • God kjennskap til plan- og bygningslova og anna aktuelt lovverk

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og entuiasme for fagområdet
  • Du er open og lærevillig ( du vil få naudsynt opplæring)
  • Er samarbeidsorientert
  • Jobbar godt sjølvstendig og systematisk
  • Uttrykker deg klart og forståeleg munnleg og skriftleg
  • Viser stor grad av selrviceinnstilling
  • Open for nye arbeidsoppgåver

Me tilbyr

  • 100% fast stilling
  • Løn etter avtale og pensjonsordning gjennom Kommunal Landspensjonskasse.
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø
  • Hjelp med å skaffe bustad og barnehageplass

Ellers gjeld vanlege kommunale tilsettingsvilkår i tråd med lover, avtalar og reglement.

Er du glad i friluftsliv og set pris på eit rikt kulturliv er Ål plassen for deg

Ål ligg sentralt i Sør-Noreg midt mellom Bergen og Oslo.

Les meir om kva som skjer i Ål og Hallingdal på www.al.no

Ål kommune si viktigaste oppgåve er å utvikle eit godt lokalsamfunn og levere gode tenestar til innbyggarane våre.

Dei tilsette er ein viktig ressurs for å nå desse måla. Er du ein ressurs for oss?

Oppstart snarast råd og helst før 1.november 2018.

Kontaktpersoner

Svein T. Furuhaug
Avdelingsleiar

Hvem er Ål kommune?

Ål kommune, midt mellom Oslo og Bergen er den største av Hallingdals-kommunane med ca. 4.800 innbyggjarar, og med Bergensbanen og Rv. 7 som hovudårer. Flott natur og gode tilhøve for sport og friluftsaktivitetar. Kommunen har eit godt kulturtilbod, og eit variert næringsliv, barnehageplass til alle, eit godt utbygd grunnskuletilbod, vidaregåande skule, og billeg eigenprodusert straum. Ål er ”helsekommunen” i regionen med Hallingdal sjukestugu og base for Norsk Luftambulanse.