BYGGESAKSBEHANDLAR – ARKIVSAK 19/80

Stillingsbeskrivelse

Vestre Slidre kommune har ledig 100 % fast stilling som byggesaksbehandlar. Stillinga er ledig frå 01.05.2019 ved etaten for landbruk, næring og teknisk etat (LNT), avdeling forvaltning.

Oppgåver:

Arbeidsområdet vil i hovudsak vera byggesaksbehandling og saksbehandling etter plan- og bygningslov, føring av bygg i matrikkelen og behandling av søknad om spreidde avløp. Stillinga kan og bli tillagt andre oppgåver.

Kvalifikasjonar:

Søkar bør ha relevant utdanning på høgskule/universitetsnivå. Erfaring frå tilsvarande stilling er ein fordel. Søkjarar med anna relevant utdanning vil også bli vurdert.

Ved tilsetjing vil vi legge vekt på:

  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • framoverlent på å ta i bruk digitale verktøy og utnytte potensialet i saksbehandlingssystemet
  • gode samarbeidsevner
  • evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk

Den som blir tilsett må ha førarkort og disponere eigen bil mot skyssgodtgjersle etter regulativ.

Vi tilbyr:

  • Løn etter avtale og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksitidsordning

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov.

Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnateke offentleg søkjarliste. Ønskje om å bli unnateke offentleg søkarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ønskje ikkje kan takast til følgje.

Det vert bede om at søknad, med attestar og vitnemål, vert sendt elektronisk via skjemaet «Søk ledig stilling» i kommunen sitt elektroniske søknadssenter. Merk søknaden med arkivsak 19/80. Når søknaden er sendt, vil du få kvittering på at søknaden er motteke. Ta kontakt om du ikkje får kvittering. Om du ikkje kan sende attestar og vitnemål digitalt, må dei sendast per post innan søknadsfristen går ut til:

Vestre Slidre kommune,

Slidrevegen 16,

2966 Slidre.

Kontaktpersoner

Terje Karlsen
Avdelingsleiar forvaltning
Telefonnummer: 97582329