Byggeleiar

Stillingsbeskrivelse

Senter for utbygging, Kystverket

Senteret for utbygging i Kabelvåg har nasjonale oppgåver og per i dag 17 tilsette. Hovudoppgåva er prosjektering og gjennomføring av utbyggingstiltak i farleier i heile landet. Senteret har spesialkompetanse på høgt nivå innan anleggsteknikk, kontraktsadministrasjon, prosjekt- og byggeleiing, miljø, samt kvalitetssikring og SHA.

Som byggeleiar ved senteret for utbygging får du ansvar for å utføre stadleg byggeleiing på byggestaden. Krav til dokumentasjon, spesielt i samband med byggherreforskrifta medfører at det er behov for byggeleiing på alle av avdelinga sine utbyggingsprosjekt. Som byggeleiar inngår du i prosjektgruppa under utarbeiding av hovudprosjekt og konkurransegrunnlag. 

Stillinga inneber utstrakt reiseverksemd. Byggeleiar må i periodar rekne med lengre opphald på anleggsstaden.

Arbeidsoppgåver

  • Stadleg byggeleiing ved gjennomføring av Kystverket utbyggingsprosjekter
  • Oppfølging av prosjektstyrings-, kontroll-, kvalitets- og SHA-planar
  • Kvalitetssikring og kontroll i prosjekterings- og anleggsfase
  • Bistå i utarbeiding av konkurransegrunnlag
  • Stillinga kan bli tillagt rollen som koordinator utførande i høve byggherreforskrifta
  • Andre oppgåver kan tilleggast

Kvalifikasjonar

  • Ingeniør med utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis bygg- eller anleggslinje
  • God framstillingsevne munnleg og skriftleg i norsk og engelsk
  • Relevant erfaring som byggeleiar, anleggsleiar eller liknande er ønskjeleg
  • Erfaring frå sprengingsarbeid og jobb i maritimt miljø er ønskjeleg
  • Førarkort klasse B
  • Personer med lang relevant erfaring innan bygg og anlegg, med utdanning frå toårig teknisk fagskole, anleggslinje vil kunne bli vurdert

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst, sjølvstendig og strukturert
  • Utadvendt og bevisst si rolle som Kystverkets representant på anleggsstaden 
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Framtidsretta, engasjert og påliteleg

Vi tilbyr

  • Utfordrande, interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit kollegialt og utviklande fagmiljø
  • Gode velferdsordningar
  • Kystverket er ei IA-bedrift
  • Arbeidsstad i naturskjønne Lofoten
  • Gode moglegheiter for etter- og vidareutdanning
  • Pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Stillinga vert plassert i st.kode 1087/1181 som over-/senioringeniør iht. Kystverkets lønnspolitiske plan. Startlønn frå kr 513 600 (ltr 58), til kr 723 200 (ltr 76), avhengig av kvalifikasjonar og erfaring
  • Kystverket benytter fleksibel arbeidstid. Arbeidstid på prosjekt avtales med nærmaste leiar
  • Kystverket skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke arbeid hos oss. 
  • Arbeidsstad for tida Kabelvåg

Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vert evaluert av Difi, som handsamar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i høve til forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld.

Kontaktpersoner

Fridtjof Wangsvik
Regiondirektør Nordland
Telefonnummer: 76069639/95791777
Jostein Bøhlerengen Moe
Avdelingsleiar
Telefonnummer: 995 79 002

Hvem er Kystverket?

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.