Byggeleiar veg investering

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 11. desember, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Som byggjeleiar har du det daglege ansvaret for å styre gjennomføringa av avtalar/ kontraktar på vegne av Statens vegvesen som byggherre. Du vil få hovudansvar for teknisk og økonomisk gjennomføring av små og store investeringsprosjekt og må derfor ha fagleg tyngde,  samt kunne kommunisere og samarbeide godt med grunneigarar, konsulentar, entreprenørar og dei andre i prosjektet.

Hovudoppgåver :

  • Ta del i prosjekteringsarbeidet og utarbeide konkurransegrunnlag for prosjekt
  • Ta del i anbodsprosess
  • Delta aktivt i helse, miljø og tryggleiksarbeid (HMS)
  • Rapportera og følgje opp kvalitet, framdrift og økonomi
  • Følgje opp entreprenøren sitt kontraktarbeid
  • Avslutte og følgje opp at tiltak blir gjennomført og dokumentert

Kvalifikasjonar og bakgrunn

Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, gjerne innan bygg – og anleggstekniske fag  . Med stort fokus på og krav til økonomistyring, kan ein  tilleggsutdanning innan økonomi vere ein fordel i denne stillinga.  Om du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning, kan vi fråvike kravet om høgare utdanning.

Vi ønskjer at du har operativ erfaring frå fagområdet, gjerne frå både vegbygging og leiing av større eller mindre bygg – og eller anleggsprosjekt.  Du trivast med å skape resultat saman med andre, er tydeleg,  løysingsorientert og har stå-på-vilje for å få oppgåvene gjennomførd.

Stillinga set krav til mobilitet, og vi krev førarkort for bil (kl. B). Noko reiseverksemd, samt kvelds- og nattearbeid i periodar, må påreknast .

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr og desse goda

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll
  • Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår

Søknad

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord,  sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersoner

Ann Mari Sandvin Hardeland
Seksjonsleder
Telefonnummer: 51911541
Mobil: 48053369

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger