Byggeleiar Veg Investering

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som byggeleiar ved avdeling Rogaland, Vegseksjon Stavanger - Investering. Kontorstad Stavanger.

Seksjonen er i dag organisert med 43 årsverk, og har ansvar for små og store investeringsprosjekt i heile Sør-Rogaland og delar av Ryfylke.

Stillinga er innanfor fagområdet nyanlegg, som til dømes vidare utbygging av kollektivtraséar i Stavanger og Sandnes og andre større prosjekt i området. 

Større investeringsprosjekt som er under bygging no eller skal byggjast seinare, er blant anna vidare kollektivutbygging langs fv44 mellom Stavanger og Sandnes, og langs rv.509 frå Stavanger mot Hafrsfjord/ Tananger, Sykkelstamvegen, Rv13 Hjelmeland - Nesvik ferjekaier og fv.505 Skjæveland-Foss Eikeland. I tillegg er det stort fokus på bygging av gang- og sykkelvegar og trafikksikkerheitstiltak.

Byggeleiarstillinga inngår i byggherrepoolen i Region vest, men vil f.t. vere knytt til vegseksjon Stavanger Investering, avdeling Rogaland.

Arbeidsoppgåver

  • Ta del i prosjektarbeid og utarbeiding av byggtekniske planar
  • Ansvar for utarbeiding av tilbodsdokument åleine eller i samarbeid med andre
  • Leia den kvalitetsmessige, kontrakts-/ avtalemessige, økonomiske og tekniske kontroll av entreprenørens arbeid
  • Rapportera om kvalitet, framdrift og økonomi til prosjektleiar
  • Ansvar for byggemøte og referat
  • Ansvar for den daglege kontakt med alle offentlege etatar, grunneigarar og andre som blir råka av anleggsarbeida
  • Bidra til å nå etaten sine mål innan HMS/ HMS-koordinator i byggefasen

Noko reiseverksemd, samt kvelds- og nattarbeid i periodar, må påreknast.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, innan relevant fagkrins
  • Stillingane set krav til mobilitet, og vi krev førarkort for bil (klasse B)
  • Den som blir tilsett må ha gode framstillingsevne på norsk, både skriftleg og munnleg

Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi vektlegg

  • Evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig
  • Erfaring frå liknande arbeidsoppgåver og kjennskap til kontraktarbeid
  • Ryddig, strukturert og med god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Evne til å analysere og dra gode vurderingar
  • Gode samarbeidsevne

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Søknad

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord,  sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersoner

Harald Bøhn
Seksjonsleiar

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger