Byggeleiar investering

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som byggeleiar for investeringsprosjekt i vegseksjon Fjordane. Kontorstad vil vere Førde. Seksjonen har ansvaret for drift- og vedlikehald på riks- og fylkesvegar og bygging av nyanlegg innanfor gitte rammer.

Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande innan eit sterkt fagmiljø. Stillinga vil vere knytt til byggherrepoolen i Region vest.

Vi søker ein dyktig, engasjert og samarbeidsorientert byggeleiar med erfaring frå samferdsleprosjekt eller byggeprosjekt. Å vere byggeleiar er krevjande og spennande, du har den daglege kontakten med entreprenør og får mykje kontakt med andre samarbeidspartar.

Arbeidsoppgåver

  • vere ein del av byggeleiinga som føl opp kontrakt med entreprenør
  • utarbeide konkurransegrunnlag og planar
  • rapportere og følgje opp økonomi, kvalitet og framdrift
  • delta i byggemøter og vere ute på anleggsstaden
  • delta aktivt i HMS-arbeidet
  • utarbeide kostnadsoverslag for prosjekt, både i plan- og byggefase

God fagleg tyngd frå gjennomføring av byggeprosjekt er ein fordel, men det er like viktig at du kan handtere ulike samarbeidspartar på ein god måte.

Kvalifikasjonskrav

Det vert kravd minimum 3-års relevant utdanning frå universitet eller høgskule. Dersom du har sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. Søkjar må ha førarkort for bil (kl. B).

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Det er ønskeleg med erfaring frå veganlegg eller bru- og betongarbeid.

Vi legg vekt på:

  • relevant og tverrfagleg arbeidserfaring
  • kunnskap om regelverk innan relevante fagfelt
  • gode samarbeidsevner og at du er aktivt med på å skape eit triveleg arbeidsmiljø
  • gode datakunnskapar, god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • at du er sjølvstendig, initiativrik og jobbar strukturert

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode høve for fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Vi gjer merksam på at søkarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersoner

Tone Anette Espe
Seksjonsleder
Telefonnummer: +47 95948075

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger