Byggeleiar innan forvaltning, drift og vedlikehald av bruer

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som byggeleiar på vegseksjon Sogn i vegavdeling Sogn og Fjordane. Kontorstaden vil vere Leikanger, og du får heile fylket som arbeidsområde. Seksjonen er i dag organisert med 39 årsverk, og har ansvar for drift og investeringstiltak.

Byggeleiarstillinga inngår i byggherrepoolen i Region vest, og arbeidsoppgåvene vil vere innan fagområdet forvaltning, drift og vedlikehald retta mot konstruksjonar som bruer og ferjekaier.  Vi ynskjer søkarar med betongfagleg kompetanse og med kjennskap til ordinær drift av vegnettet, men nyutdanna vil også blir vurderte

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for utarbeiding av tilbodsdokument åleine eller i samarbeid med andre
  • Leia den kvalitetsmessige, kontrakts-/ avtalemessige, økonomiske og tekniske kontroll av entreprenøren sitt arbeid
  • Rapportera om kvalitet, framdrift og økonomi til prosjektleiar
  • Ansvar for byggemøte og referat
  • Utføring av inspeksjonar av konstruksjonane i fylket
  • Utøve forsvarleg forvaltning etter gjeldande rutinar
  • Bidra til å nå etaten sine mål innan HMS/ HMS-koordinator i byggefasen
  • Ansvar for den daglege kontakten med alle offentlege etatar, grunneigarar og andre som blir råka av anleggsarbeida
  • Andre oppgåver innanfor byggjeleiing og teknisk kontroll
  • Du må rekna med noko reiseverksemd, samt kvelds- og nattarbeid i periodar.

Kvalifikasjonskrav

Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, innan relevant fagkrins

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetning av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stillinga set krav til mobilitet, og vi krev førarkort for bil (klasse B)

Du må ha god framstillingsevne på norsk, både skriftleg og munnleg

For søkjarar med 2-årig teknisk fagskule samt sterk og allsidig relevant erfaring frå det aktuelle fagområdet, kan kravet til utdanning fråvikast.

Vi vektlegg

  • Evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig
  • Relevante fagbrev
  • Praktiske og løysningorienterte tilnærmingar og vurderingar
  • Erfaring frå liknande arbeidsoppgåver og kjennskap til kontraktsarbeid
  • Ryddig, strukturert og med god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode samarbeidsevne

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskular og høve til fagleg påfyll
  • Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Søknad

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verta offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verta varsla.

Vi gjer merksam på at på grunn av fellesferie kan tilbakemelding på søknaden komme i august.

Nærare opplysningar kan du få hjå seksjonsleiar Eivind Yttri på tlf 908 30 854.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger