Byggeleiar for drift - og vedlikehaldskontraktar, Bergen

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 03. februar, 2019. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Ved vegseksjon Bergensområdet, drift – og vedlikehaldsgruppa, har vi no ledig stilling som byggjeleiar. 

Seksjonen har ansvar for store og små investeringsprosjekt, samt drift -og vedlikehald av riks- og fylkesvegane i Bergen og omkringliggande kommunar.  

Seksjon har kontorstad i Bergen sentrum og er  i dag vel 50 tilsette. Stillinga inngår i den regionale byggherrepoolen. 

Arbeidsoppgåver

Drift- og vedlikehaldsgruppa har m. a ansvar for ein av dei største driftskontraktane i Noreg. Kontrakten omfattar vel 800 km veg og dekkjer delar av E16 og E39. Som byggjeleiar får du hovudansvar for kontrakten både når det gjeld HMS, kvalitet og økonomi. Du samarbeider tett med driftsentreprenør, men også kommunar, grunneigarar, brukarane av vegnettet, samt med dei interne kontrollingeniørane på kontrakten.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet/ høgskole min. 3 år. eller 2-årig teknisk fagskole med fagkrins innan bygg-/anlegg. Utdanningskrava kan avvikast, for søkjarar med omfattande og relevante erfaring innan fagområda og elles gode føresetnadar for stillinga.
  • Stillinga set krav til mobilitet, og vi krev førarkort for bil (klasse B). Noko reiseverksemd, samt kvelds- og nattearbeid, må påreknast .
  • Vi søkjer ein erfaren byggjeleiar med god forståing for byggjeleiarrolla. Vi ønskjer at du har operativ erfaring frå arbeid innanfor bygg,- anleggs – og eller drifts-/vedlikehaldskontraktar.
  • Du trivast med å skape resultat saman med andre, er tydeleg,  løysingsorientert og har stå-på-vilje for å få oppgåvene gjennomførd.
  • Du må ha gode kommunikasjonseigenskapar, både munnleg og skriftleg. Evne til å skapa godt samarbeid med entreprenørane våre er heilt avgjerande, og du bør trivast med å arbeide både ute og på kontorplassen.

Vi vektlegg:

  • Samfunnsengasjement
  • Evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig 
  • At du trivs med lagarbeid og kan skape gode resultat saman med andre.
  • At du aktivt er med å skape eit triveleg og godt arbeidsmiljø

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll
  • Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Kontaktpersoner

Håkon Toverud
Leder
Telefonnummer: 91749175
Mobil: 55516228

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger