Byggeleiar elektro - Haugesund

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 16. oktober, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

 Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

Om stillinga

I Statens vegvesen Region vest, vegseksjon Haugesund, har vi ledig stilling som byggeleiar innan elektrofaget. Med ein stadig aukande trafikk og krav til ein trygg og god trafikkavvikling, vert det stilt store krav til den elektrotekniske infrastrukturen. Dette vert mellom anna løyst gjennom avansert styrings- og overvakingssystem, varslingssystem, ny og betre vegbelysning i tunnelar og langs vegnettet elles. Statens vegvesen har ansvar for å planleggje, prosjektere, implementere og drifte både infrastrukturen og systema.

Stillinga er knytt til byggherrepoolen i Region vest, for tida med kontorstad Haugesund

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av drift- og vedlikehaldskontraktar og investeringsprosjekt
  • Planlegging og utforming av konkurransegrunnlag både ved rehabilitering og ved nye anlegg
  • Innkjøp og oppfølging av konsulentoppdrag
  • Utføre kvalitets- framdrifts- og kostnadskontroll
  • Drive HMS-arbeid
  • Ha kontakt og oppfølging av entreprenør og andre leverandørar
  • Sikre at planlagde og prosjekterte anlegg blir installert og dokumentert i samsvar med aktuelle lover, forskrifter, normer og interne handbøker
  • Vere ein ressursperson innan elektrofagfeltet og yte intern fagleg bistand 

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskule innan elektro, minimum 3 år. 
  • Fagbrev innan elektro- eller automasjonsfaget (Gruppe L)
  • Førarkort kl. B

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Det er vidare ønskeleg med :

  • Allsidig erfaring innan installasjon, drift- og vedlikehald av elektrotekniske anlegg, gjerne samferdselsanlegg.
  • Erfaring innan prosjekteringsleiing og/eller prosjektering av sterkstraums elektroanlegg
  • God kjennskap til forskrifter, normer og regelverk innan elektrofaget
  • Kompetanse for å kunne medverke til gjennomføring av internkontrollsystemet for elektrotekniske arbeid i regionen
  • Erfaring frå bruk av dataverktøy ved prosjektering (FebDok, Relux, AutoCAD)
  • Erfaring /interesse innan automasjon og ITV
  • Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Det vil bli lagt vekt på at du:

Har gode samarbeidsevner, stort engasjement, tek ansvar og er fleksibel er genuint fagengasjert med stor interesse for tekniske anlegg og løysingar har god skriftleg og munnleg framstillingsevne er initiativrik, sjølvstendig og resultatorientert har evne til å arbeide i tidvis hektiske tilhøve

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Vi tilbyr

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Gode kollegaer i eit positivt og flott arbeidsmiljø og ordna arbeidsforhold
  • Gode vilkår for fagleg oppdatering og vidareutdanning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å søke lån i Statens pensjonskasse
  • Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Søknad

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Dersom du synes stillinga høyres spennande ut, sender du søknaden via vår jobbportal: www.vegvesen.no/jobb.

Kontaktpersoner

Sentralbord
Telefonnummer: +47 75 54 22 20

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger