Byggeleiar E39 Bypakke Nord-Jæren

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 15. mai, 2022. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Stillinga er knytt til Utbyggingsområde vest, Bymiljøpakke Nord Jæren, der det største prosjektet er E39 Sykkelstamvegen mellom Stavanger og Sandnes. Dette prosjektet er det første i sitt slag i Noreg, og du kan få vere med å fullføre det dersom du søker no. Vi er i dag 9 medarbeidarar, men treng fleire gode kollegar.

Vi har nettopp flytta inn i nye kontorlokaler som vi deler med andre store prosjekt på Nord-Jæren. Kontorstad vil være Svanholmen 7, 4313 Sandnes (Forus), men mykje av arbeidet vil gå føre seg ute på byggeplass.

Arbeidsoppgåver

Dine arbeidsoppgåver vil blant anna vere:

  • Utarbeide konkurransegrunnlag for entreprisearbeid
  • Oppfølging av kontrakt med entreprenør
  • Teknisk, økonomisk og fremdriftsmessig oppfølging innan fagområdet
  • Leie byggemøter
  • Arbeidsleiaransvar for kontrollingeniørane innan fagområdet

Kvalifikasjonskrav:

  • Minimum 3-årig utdanning frå universitet eller høgskule med relevant fagkrins
  • Arbeidserfaring som byggeleiar eller tilsvarande
  • Førarkort klasse B

Det er ønskeleg med erfaring innan offentlege innkjøp. Det er også ønskeleg med kompetanse innan vegbygging, bygging av vegkonstruksjonar og oppfølging av entreprisekontraktar.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi vektlegg:

  • at du har gode evner til å samarbeide
  • at du er fleksibel, initiativrik og løysingsorientert
  • at du har gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • er strukturert

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Stort engasjement og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg.

Vi tilbyr deg også desse fordelane:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • interne studier og gode høve for fagleg påfyll

Løna di blir avtalt i samsvar med vår lønspolitikk.

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, li vserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det.  Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV - en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søk ar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla om dette.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Ta kontakt med prosjektleiar Kari Smådal Turøy på mobil 480 25 113 om du har spørsmål.

Kontaktpersoner

Kari Smådal Turøy
Prosjektleiar

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag. 

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger