Byggeleder elektro - Voss og Hardanger

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 10. desember, 2020. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Vi har ledig stilling som byggjeleiar for elektrokontrakten E1261 Voss og Hardanger. Du vil få ansvar for drift og oppfølging av elektro-driftskontrakt for Voss og Hardanger og tett oppfølging av elektroentreprenør.

Dei fleste oppgåvene dine vil vere knytt til drift av kontakta, men du vil og få gode moglegheiter til å utfordre deg sjølv på oppgåver du ikkje har prøvd før. Aktuell kontorstad vil vere Voss eller Odda.

Stillinga er i seksjon Drift Vest 1, som i dag har 25 tilsette, fordelt på kontorstadar i Bergen, Odda, og på Voss.

Seksjonen har ansvar for riksvegnettet rundt Bergen, Rv555 til Sotra, Rv 580 til flyplassen, E39 Halhjem-Opedal, E16 Bergen-Tyin, Rv13 Kløve-Vangsnes, Rv5 Lærdal-Fodnes, Rv 7 frå Hardangerbrua til Haugastøl, og  Rv52 frå E16 til Storeskar.

Arbeidsoppgåver

Du vi vere byggeleiar for driftskontrakt E1261 Voss og Hardanger. Som byggeleiar vil du arbeide tett saman med prosjektleiar og kontrollingeniørar, og du vil vere i dagleg kontakt med offentlege etatar, grunneigarar og andre som blir råka av anleggsarbeida.

Driftskontrakta har i dag ansvar for både riks- og fylkesvegar. Ny driftskontrakt E9352 Hardanger og Sogn 2022-2027 er under utarbeiding, ny kontrakt vil da berre dekke riksveg/europaveg.

Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

I tillegg til vanlege byggeleiaroppgåver vil dei største oppgåvene vere:

  • å drifte og vedlikehalde tunnelane med alle styresystem av bommer, ventilasjon, nødsystem osv. Elles er det bruer, skilt, kamera, klima stasjoner og andre elektriske installasjonar.
  • følge opp Statens vegvesens FDV-system Plania slik at rutine oppgåver og korrektive ordrar blir utført innan tidsfrist.
  • følge opp kontrollingeniør elektro.
  • samarbeide med byggeleder for driftskontrakt veg.
  • utarbeide konkurransegrunnlag.
  • følge opp rammeavtaler.

I tillegg kan du bli involvert i vedlikehaldsoppgåver, utbyggingar, delta på anslag osv.

Det vil i denne jobben være tett samarbeid med vegdriftskontrakt, tunnelforvaltar, fagleg ansvarleg elektro i vest, nødetatar med fleire. Reiseverksemd, og kvelds- og nattarbeid i periodar, må påreknas. Såleis må du ha førarkort klasse B.

Kvalifikasjonskrav

Du må ha relevant utdanning innan elektro/automasjon frå universitet eller høgskole, min, 3 år. Fagbrev, eller teknisk fagskole innan automasjon/elektro ol. er ein fordel.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, relevant fagbrev, eventuelt etterutdanning og gode personlege forutsetningar for stillinga, kan kravet til utdanning vurderast fråviket.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, anbefaler vi ein autorisert oversetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no)

Vi ynskjer at du har:

  • erfaring frå arbeider med elektriske installasjonar i tunnelar.
  • god kjennskap til forskrifter, normer og regelverk innan elektrofaget
  • erfaring med veglysanlegg
  • erfaring med drift av TCP/IP nettverk
  • systemforståelse av automasjonsnettverk
  • erfaring med PLS system
  • erfaring med SCADA/OPC system
  • erfaring frå byggeleiing

Vi ser etter deg som:

  • er god på kommunikasjon og samhandling med andre
  • er fleksibel og kan jobbe i eit travelt miljø
  • kan arbeide strukturert og sjølvstendig
  • har evne til å ta initiativ og vere resultatorientert
  • har gode IT-ferdigheiter
  • er god munnleg og skriftleg

Stort engasjement og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg.

Vi tilbyr deg også desse fordelane:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode høve for fagleg påfyll

Løna di blir avtalt i samsvar med vår lønspolitikk.

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, li vserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det.  Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV - en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søk ar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen . Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla om dette.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Ta kontakt med seksjonssjef Ole Endal Svåsand e-post ole.endal.svasand@vegvesen.no eller mobil 477 01 924.

Kontaktpersoner

Ole Endal Svåsand
Seksjonssjef

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesens vil lede an i utviklingen av et effektivt, sikkert og helhetlig transportsystem tilpasset morgendagens behov og teknologi. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på vei og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet smarte, trygge og miljøriktige transportvalg.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger