Brunvoll Mar-El AS søkjer Elektroingeniør

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Brunvollkonsernet er ein leiande maritim systemleverandør med høg eksportandel og god soliditet. Konsernet har lang erfaring med leveranser av framdrifts- og thrustersystem med tilhøyrande styresystem til ulike typer fartøy. Det familieeigde konsernet vart etablert i 1912, har hovudkontor i Molde og produksjon i Molde, Volda og Dalen. Konsernet hadde ei omstening på rundt 1,2 milliarder NOK i 2018, omlag 460 medarbeidarar, og er representert gjennom eit agentnettverk i 21 land. Brunvolls visjon er "Trusted World Wide" og våre verdiar er å vera nøyaktig, lidenskapeleg, påliteleg og ansvarleg. Brunvoll Mar-El AS på Dalen i Telemark står for utvikling, produksjon og service av kontrollsystem for manøvrering og fremdrift av avanserte skip. Verksemda leverar hybridløysingar for ulike typer fartøy og har per i dag ca. 40 medarbeidarar og ei omsetning på ca 64 MNOK i 2018.

Vi søkjer elektroingeniør med kompetanse innan kraftelektronikk og automasjon, med interesse for å utvikle framdrift og manøversystem for det «grøne skiftet» i den maritime sektoren. Brunvoll Mar-El leverer komplette automasjonsløysingr og kraft/batterisystem for hybrid og heilelektrisk propulsjon. Vi ser ein stor etterspørsel etter denne typen system framover.

Hovudoppgåvene er varierte

  • Systemdesign og prosjektering for el-kraft og automasjonssystem for hybrid og elektrisk framdrift og manøvrering
  • Testing og oppstart av nye system
  • Service på eksisterande system

Ønska kvalifikasjonar

  • Master eller Bachelor innan elektrofag, gjerne innan kraftelektronikk
  • Kompetanse innan el-fordelingssystem og automasjon på skip (Power Management System) er en fordel - Systematisk og ansvarsbevisst - Likar utfordringar og hektiske arbeidsperiodar

Vi tilbyr

  • Godt og uformelt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige vilkår og gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Spennande jobb i eit selskap med tydeleg norsk eigarskap med langsiktige ambisjonar om lokal utvikling og produksjon
  • Jobbe med prosjekt world-wide i ein bransje som utviklar seg raskt.

Arbeidsstad er Dalen i Tokke kommune, med noko reising i samanheng med prosjekt. Spørsmål kan rettast til: Teknisk sjef, Helge Asle Lundeberg, T: 48072271. Send søknad innan 27.05.2019 via: https://www.brunvoll.no/about/careers

Kontaktpersoner

Helge Asle Lundeberg
Teknisk sjef

Hvem er Brunvoll Mar-El AS?

Brunvoll Mar-El AS er et selskap eid Brunvoll AS. Brunvoll AS er med sine 470 ansatte blant verdens ledende selskaper innen systemer for manøvrering av skip. 

Brunvoll Mar-El har tilhold i Dalen i Vest-Telemark, er 40 ansatte og har to virksomhetsområder; utvikling, produksjon og service av kontrollsystemer og agentur virksomhet.