Bli bruplanleggar i Region vest

Senior bruplanleggar Stavanger

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 18. oktober, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Bruseksjonen i Statens vegvesen Region vest har fagansvar for planlegging, prosjektering og bygging av nye bruer. Seksjonen har ein spesialistfunksjon for Vegdirektoratet innan betongbruer. Vi bistår i tillegg med inspeksjonar og prosjektering ifm. bruforvaltninga. Bruseksjonen er i dag 30 medarbeidarar som dekker alle fagområder tilknytte brufaget. Vi deltar i heile bruas livsløp, frå ide til planlegging, utbygging, forvaltning, drift og vedlikehald.

Vi søker ein senior bruplanleggar til vårt brumiljø i Stavanger. Du er ein profesjonell samarbeidspartnar som sikrar at bruprosjekta i regionen er framtidsretta og at våre leveransar oppnår rett kvalitet i alle prosjektfasar. Du vil bidra til at våre bruprosjekt skaper anerkjensle og utvikling i bransjen.

Arbeidsoppgåver

Di viktigaste oppgåve vil vera å ivareta fagansvaret for bruer i våre prosjekt. Du må gjennomføre nødvendige prosessar og avklaringar i samarbeid med fagansvarlege innan andre relevante fagområder, mot prosjektleiar, prosjekteigar og andre samarbeidspartnarar. Noko reise i forbindelse med jobb må påreknas.

Aktuelle arbeidsoppgåver vil vera:

  • Bruprosjektering for nye bruer
  • Fagansvar og kontroll av utføring
  • Prosjekteringsleiing
  • Å sikre gode val knytt til bruer - både i planleggings-, utførings- og driftsfasen - kan bli din nye jobb!

Kvalifikasjonskrav

  • Bachelor innanfor konstruksjonsteknikk og minimum 15 års relevant erfaring frå bruprosjektering.
  • Du må kommunisere godt på norsk, både skriftlig og munnleg.
  • Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning, samt gode personlege forutsetningar for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.
  • Dersom du har tatt heile eller deler av utdanninga din i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av dine papir og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi vektlegg

Det er viktig at du er ansvarsbevisst og lojal, tar initiativ og tenkjer heilhetleg. Du er bevisst di rolle, deler din kompetanse og samhandlar godt med andre. Du er ein «lagspelar» som utfordrar og støtter dine kollegaer på ein konstruktiv måte.

Vi vektlegg òg at du evner å jobbe sjølvstendig, tar tak i ting som kan forbetrast og at du er ein positiv bidragsyter til arbeidsmiljøet.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll
  • Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Søknad

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne, jf.Offl.§25. Du vil i så fall verte varsla.

 Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet.

Vi er ein stor samfunnsaktør medca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger