BIM-leiar i utbyggingsprosjektet for bane og veg mellom Arna og Stanghelle

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 31. desember, 2021. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Fellesprosjektet Arna – Stanghelle planlegg for byggestart i 2024. Du har no høve til å få ei sentral rolle i Noregs største tunnelprosjekt! Vi søkjer deg som vert motivert av utfordringar og vidareutvikling med stor interesse og kunnskap om BIM og modellbaserte arbeidsmetodar.

Prosjektet; frå prosjektering, bygging og overlevering, skal gjennomførast modellbasert. BIM-leiar får ansvaret for å designe og bygge opp samhandlingsløysingar som legg til rette for god tverrfagleg arbeidsmetodikk og at alle i prosjektet jobbar digitalt, også i felt. Dette krev kunnskap om modellbaserte metodar, verktøy og drifting av system. BIM-leiar vil få ei sentral stabsrolle i prosjektleiinga og få ansvaret for fleire BIM-koordinatorar som skal jobbe inn i dei enkelte delprosjekta/entreprisane.

Arbeidsoppgåvene dine vil omfatte:
  • Etablere ein strategi for modellbasert gjennomføring ved å ta ei leiande rolle i å få på plass ei funksjonell samhandlingsløysing som er tilpassa modellbasert gjennomføring i prosjekterings- og byggefase
  • Etablere og utvikle informasjonsflyten i prosjektet
  • Arbeide med kontinuerleg forbetring av dei digitale løysingane for å oppnå prosjektmåla
  • Bistå BIM-koordinatorane og prosjekteringsleiarane i dei ulike fasane i prosjektet (til dømes med kompetanseheving, innføring i modellbaserte arbeidsmetodar, samt etablering og drift av system)
  • Koordinere BIM-leveransar frå leverandør 
Kvalifikasjonskrav: 
  • Minimum 3 års utdanning frå universitet eller høgskule innan relevant fagområde
  • Minimum to års erfaring frå entreprenør, rådgivar eller byggherreverksemd med fokus på samferdsleanlegg
  • Solid erfaring med prosjekteringsverktøy og BIM programvare i store og komplekse prosjekt
  • Kjennskap til prosjekteringsmetodikk som vert nytta i bransjen, som f.eks. VDC og samtidig prosjektering
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne, samt god kommunikasjonsevne

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå det aktuelle fagområdet, inklusiv gode personlege føresetnader, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, treng vi ei autorisert oversetting av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Dine eigenskapar:
  • Du har eit sterkt engasjement for BIM og samhandlingsløysingar
  • Du leiter kontinuerleg etter forbetringar og effektivisering av arbeidsprosessar, gjerne med Lean og smidig tankegang
  • Du tek sjølv initiativ og likar godt å jobbe i team
  • Du tek lett på deg rolla som møteleiar
  • Du er sterk på digitale verktøy
  • Du trivs med arbeidsoppgåver som har høg fagleg kompleksitet og har interesse for ny teknologi og automatisering
  • Du snakkar og skriv godt norsk
Stort engasjement og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg. Arbeidsstaden din blir i Bergen og anleggskontor Arna når dette vert etablert.

Vi tilbyr også:

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitidsordning
  • God pensjons- og forsikringsordning og muligheiter for lån i Statens pensjonskasse     
  • Løna vert avtalt i samsvar med vår lønnspolitikk

Søknad

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilrettelegge for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst éin søker i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Les mer om krava på Arbeidsgivarportalen.

Dersom du tilhøyrer ein av desse gruppene, må du krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste. Du vil i tilfelle bli varsla om dette.

Har du spørsmål ifm. utfylling av elektronisk CV, kan du kontakte kundeservice hos Jobbnorge på e-post: kundeservice@jobbnorge.no eller ringe på tlf. 75 54 22 20.

Kontaktperson:

Dersom du har spørsmål om stillinga eller arbeidsoppgåvene, kan du ta kontakt med prosjektsjef Katrine Sælensminde Erstad på mobil 41680912.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag. 

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger