Banemontørar, Voss og Arna

Stillingsbeskrivelse

Vil du være med å bidra til framtidas jernbane?


Vi har ledige stillingar som banemontør, ei i Arna og to på Voss. Som banemontør arbeider du med vedlikehald og reparasjon av skinner, sviller og sporvekslar. Du gjennomfører også tilstandskontrollar på eksisterande anlegg, du ryddar skog, ryddar snø på sporanlegg/publikumsareal og jobbar noko med nybygging.

Stillinga rapporterer til faggruppeleiar.

Arbeidsoppgaver

  • Drift og vedlikehald av banestrekningane med generisk kontroll, beredskap og feilretting
  • Mindre prosjektoppgåver innan fornyings og investeringsprosjekt
  • Dei til kvar tid delegerte oppgåver gitt av næraste leiar
  • Søkar må vere villig til å delta i andre drifts og vedlikehaldsoppdrag etter behov, samt vere innstilt på turnusarbeid og ein del reising.

Ønskede kvalifikasjoner

  • Fagbrev som banemontør
  • Godkjenning som hovudsikkerheitsvakt for arbeid i og ved spor, eller være villig til å ta denne opplæringa. Arbeidspsykologisk test vil bli gjennomført før tilsetting.
  • Villig til å ta kurs som fører til leiar el-sikkerheit
  • Førarkort klasse B, ønskeleg klasse BE
  • Tilfredsstillande norskkunnskapar
  • Relevante datakunnskapar
  • Lokalkunnskap vil bli vektlagt
  • Det vert stilt helsekrav til blant anna syn, fargesyn og høyrsel. Helseundersøkinga vert gjennomført i samband med eventuell tilsetting.

Stillinga inngår i Bane NOR sin beredskapsordning. Tilsette i beredskapsordninga må, ved utrykking, kunne møte på stasjoneringsstaden innan 60 minutt. Det er krav om lokomotivførarutdanning. Fagarbeidarar utan lokomotivførarutdanning kan tilsettast i stillinga under føresetnad av at ein forpliktar seg til å ta lokomotivførarutdanning og består denne.

Personlige egenskaper

  • Vi ser etter ein omgjengeleg person som har interesse for og eigenskapar innan fagområdet, og som er villig til å halde seg fagleg oppdatert. Du er strukturert, open og har evne til å utføre sjølvstendig arbeid. Det vert lagt vekt på forståing for, og tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper. Du må ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner og ha fokus på rasjonell produksjon.
  • Vi legg vekt på lojalitet til Bane NOR sine etiske retningslinjer, og våre verdiar som er open, respektfull, engasjert og nytenkjande.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og fagmiljø
  • Gode moglegheiter for etter og vidareutdanning
  • Pensjon og gruppelivsforsikring
  • Personalbillett på NSB sine tog
  • Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentlig søkarliste, må du opplyse om og grunngi dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentliggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Du vert varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.

Kontaktpersoner

Roar Flisram
Telefonnummer: Mob. 479 71 437

Hvem er Bane NOR?

Bane NOR er et statlig foretak med ansvar for den nasjonale jernbaneinfrastrukturen.

Bane NORs formål er å sørge for tilgjengelig jernbaneinfrastruktur og effektive og brukervennlige tjenester, inkludert knutepunkts- og godsterminalutvikling. Foretaket har ansvaret for planlegging, utbygging, forvaltning, drift og vedlikehold av det nasjonale jernbanenettet, trafikkstyring og forvaltning og utvikling av jernbaneeiendom. Bane NOR har det operative koordineringsansvaret for sikkerhetsarbeidet og operativt ansvar for samordning av beredskap og krisehåndtering. Bane NOR har om lag 4.500 ansatte og har hovedkontor i Oslo.

Les mer om Bane NOR og se flere ledige stillingerSe videopresentasjon